onsdag 15. desember 2010

I drift

Eg skal leggje inn årene. Eg skal løfte dei opp frå vatnet, få dei inn over ripa, sjå på dropane renne langs treverket. Så skal eg leggje meg i botnen av båten, og der skal eg bli liggjande. Eg skal liggje langflat med vatnet under meg, heilt i ro. Der skal eg liggje til eg støyter mot land.

tirsdag 14. desember 2010

Yiha

I heile dag har eg gått rundt min eigen akse og prøvd å hugse om eg har gløymt noko. Eg har høyrt på Majorstuen, vaska klede og funne fram adressar til dei julekorta eg tenkte å skrive. Alt mogleg for å koble av.

Men så har eg vore styrmann for Lucia-konserten til korpset eg speler i, og det gjekk som det skulle. Det flaut godt, det lét godt. Eg trudde det kom til å gå greitt, men det gjekk betre enn venta, og eg kan sove godt i natt. Eg har fått skryt, og eg såg at mor mi var stolt. Eg såg det i auga hennar. Det kan ein leve lenge på.

Det er ikkje kvar dag eg kan seie det, men i dag er eg nøgd med meg sjølv. I dag har eg fått det til. I dag har eg vore god.

Då må vi feire med meir Majorstuen.

mandag 13. desember 2010

Trist / Vakkert

Eg kom til å tenkje på noko som hende for eit par veker sidan. Eg har ikkje fortalt det til nokon enno, for eigentleg er det mest trist, men kanskje litt vakkert. Dette blir første gong eg fortel det:

Det var ein fredag. Klokka var kanskje tre, kanskje fire. Eg hadde vore og sjekka ein postboks på Torshov, og eg rakk akkurat å springe inn på trikken som skulle opp til Storo. Eg kom inn bakarst, og eg stod litt og fekk att pusten. Eg lurde på om eg skulle setje meg, for det var ledig ved sida av ei jente som sat ved vindauget med ein kaffikopp frå Narvesen eller 7-Eleven, men eg stoppa opp, for det var noko med ho. Ho var fin, det såg eg frå der eg stod, men det var noko meir, og eg skjønte det etter kvart. Eg hadde vore forelska i ho ein gong, ein av dei gongene det faktisk betydde noko. Og eg blei ståande. Eg kunne ha spurt om det var ledig, men eg blei ståande. Eg kunne ha takka for sist og meint noko med det, men eg blei ståande heilt opp til Storo. Og medan eg stod der, så tenkte eg at dette er trist, men vakkert. Trist fordi eg ikkje tør. Vakkert fordi eg ikkje vil øydeleggje noko. Og då ho skulle av, så gjekk ho framover. Ho kunne gått bakover og sett meg, men ho gjekk framover, og eg venta akkurat lenge nok før eg gjekk ut, og ho såg meg ikkje. Eg gjekk bak ho, og eg tenkte at ho gjekk så fint, det var noko med korleis ho gjekk. Men eg ville at ho skulle stoppe opp, snu seg, knyte skolissa, ikkje la meg kome unna med det dette, men det gjorde eg. Ho gjekk til høgre, og eg skulle til venstre, og ho såg meg ikkje. Det var mest trist, men ho var vakker.

lørdag 11. desember 2010

Fjernsyn

Eg drog heim til mor og far i dag. Eg låg på sofaen i eit par timar og såg på fjernsyn, og slikt plar eg ikkje gjere. Det er ikkje heilt min type aktivitet, men det gjorde ikkje noko frå eller til. Eg trur eg er den same som før. Det var ikkje noko på fjernsynet som endra livet mitt i dag.

Berre jord

I dag sat eg på litt på Matematisk bibliotek. Eg las i ei bok, og då eg skulle til å gå, så spurde han som sat ved sida av meg: «Trur du på Gud?» Heilt ut av inkje. Eg drog litt på det, men så sa eg som sant er (om det er mogleg at noko kan vere sant): «Nei, eg gjer ikkje det.» Men det var visst ikkje det rette svaret. Eg burde visst tru, og han hadde mykje på hjartet om kvifor. Han fortalde at nesten alt i Koranen var bevist, at Allah var ein stor matematiker, og etter kvart handla det om himmel og helvete. Eg var høfleg til det siste, men så måtte eg gå.

Då sa eg: «Eg vil helst berre bli til jord når eg døyr. Ikkje noko anna. Berre jord.» Men det var visst ikkje noko alternativ.

Så song eg på denne resten av dagen.

torsdag 9. desember 2010

Eit spel

Og eg spør: Er alt vonlaust all mi tid?

Livet er som monopol. Rykk attende til start. Alle husa og hotella brenn. Og du blir aldri ferdig. Du kan ikkje gi deg. Du må halde fram med å spele. Eit evigvarande monopol utan å kome i mål.

Livet er som Ludo. Du kjem deg aldri ut av startblokka. Du kastar og kastar, men får aldri seks. Mensch ärgere dich nicht, men det er det du gjer. Du kjem deg aldri i mål.

onsdag 8. desember 2010

Under lupa

Det har vore stille her i det siste. Livet har gått føre skrivinga, studia har gått føre livet, lærarjobben har gått føre studia. Men eg kom meg i mål i dag, siste eksamen før jul, og eg er halvveges i studia mine. Ein skål for det. Eg tenkte å kome attende til blogginga, setje livet under lupa att. Eg skal finne fram orda att, kome inn i rytmen, elske skrifta og tru på livet.