torsdag 30. desember 2010

Etter nok eit juleselskap

Etter nok eit juleselskap hengjer eg den blå skjorta på ein knagg, dressbuksa på buksehengjaren. Eg tek på meg bestefars gamle joggebukse, og eg kjenner meg tom. Det har vore nok eit juleselskap, med nok ein julemiddag, nok ein juledessert, nok eit julekakefat, og nok ein runde med juleprat. Det var ikkje noko å utsetje på laget, det var ikkje det, men eg mista interessa der ein stad. Eg veit ikkje kva det kom av, men plutseleg kjende eg meg tom. Eg hadde mista julegneisten, sjølvaste julegneisten.

tirsdag 28. desember 2010

Ikkje sjå bakover

Det er mykje ein burde gløyme. Her eg sit no, på barndomsrommet mitt, er det att alt for mange ting som gjer at eg kjem i hug slikt. Det same skjer når eg tittar på gamle tekstfiler og bilete som ligg att på datamaskinen, slik eg har gjort dei siste kveldane. Det er heilt utruleg at ein tek vare på slikt. Det får meg til å hugse vonbrot og vonløyse som om det var i går, men endå så lèt eg det vere. Ein burde ha pakka det ned for lengst og flytta det opp på loftet. Barndomsrommet burde gjerast om til eit upersonleg salsobjekt med kvite vegger og smarte løysingar så fort ein har flytta heimanfrå. Nostalgi gjer seg best i pappaskar som aldri blir opna.

Men viktigast av alt er å ikkje ta vare på gamle bilete, for plutseleg kjenner ein at hjartet framleis slår.

mandag 27. desember 2010

Beint fram

Den siste tida har eg blitt meir og meir trygg på kva eg står for. Eg har gått heilt inn for nynorsken som eit bruksspråk når eg skal vere student eller skribent, og det er ein heilskapleg tanke bak det eg driv med, ikkje berre medkjensle og eit verkemiddel, slik eg såg på det før. Men samtidig som eg får det til å henge meir i hop for meg sjølv, så grunngir eg det mindre og mindre til andre, for det er alltid noko unnvikande med det å kome med ei grunngjeving for dei vala som ikkje er innanfor norma. Eg har det på same måten med kvifor eg ikkje drikk alkohol. Det gir meir og meir meining for meg at eg framleis held meg til eplemosten, men eg har mindre og mindre lyst til å greie ut om det. Eg ser at det handlar om kven eg faktisk er som person, og det er ikkje noko eg vil opne opp for alle. Eg vil ha det for meg sjølv, vite det for meg sjølv, og eg vil berre vere ein god representant.

søndag 26. desember 2010

Takksam

Dei dagane som ligg føre meg no, er av det beste slaget. Eg har ikkje lova meg bort til nokon, og det er ingen som ventar på noko eg må gjere. Det er mogleg å halde kjeft utan å få dårleg samvit. Eg treng ikkje sjekke e-posten, eg kan la mobilen liggje heile dagen. Det vil ikkje vare lenge, men i eit par juledagar er verda så grei.

fredag 24. desember 2010

Vottar

Eg fekk vottar i julegåve av syster mi, vottar ho har strikka sjølv, og eg sit her og er imponert. Tenk å ha ei slik syster. Dei har fint mønster, i grått og kvitt. Varme er dei òg. Tenk å få heimestrikka vottar. I morgon skal eg ut og prøve dei ut.

torsdag 23. desember 2010

Berre kjærleik

Det er kjærleiken vi vil ha. Heile tida er det kjærleiken vi ventar på. Men kjærleiken er der heile tida. Da ist trotzdem irgendjemand, immer irgendjemand, der dich liebt.

Med dei beste ønska om ei gledeleg jul.

Eldhug

Det blei ikkje nokon skitur i dag, slik vi hadde prata om. Det var for kaldt, fann vi ut. Men eg måtte ut seinare på dagen for å levere ei gåve, og medan eg venta på bussar og baner som ikkje kom, fekk eg god tid til å gå att og fram i snøvêret. Eg gjekk att og fram for å halde lekamen varm, men eg prøvde òg å halde hugen varm, og då prøvde eg å kome på varmande uttrykk. Etter ei stund med vendingar som «brenne ned, brenne opp, brenne som ei lunte, tampen brenn, brenne i begge endar, brenne for noko, brenne inne med noko, brenne alle bruer», blei eldhugen kveikt.