Ru asfalt. Jamne skritt. Friksjon. Pust meg i nakken, Oslo.
Blå plastspade på bakken. Nedgrodd barnehage. Ei gammal dame som søv i bilen. Tung eim frå lilla blomar. Får ei brosjyre. Takkar pent. Plutseleg i Stensbergparken. Dårlege svar. Full fontene. Nedover. Bortover. Antikvitetar på sal. Her eg køyrde feil på køyretimane. Skulle vore lyskryss. Oppover bakken. Ungar som speler fotball i ei klyngje. Pustar inn. Går attende. Kaldt vatn. Friskt mot.
Takk, Oslo.
lørdag 6. juni 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar