fredag 7. august 2009
Det er berre å halde fram
>> Den siste veka har eg rydda og sortert litt i kjensleskuffa mi, utvida livsvisdomen med nokre Hamsun-sitat, treft att ein gammal kjenning frå journalbransjen, hjelpt til med innhausting av kirsebær og rips, bær som har blitt til heimelaga saft, og eg har slappa av i hengjekøya. Eg har også hatt mi siste arbeidsveke av i alt åtte. Puh. No skal eg ha ferie i ei heil veke. Kort, men godt. Og når eg kjem attende, skal eg halde fram. Eg skal halde fram med å skrive, blogge, lese, notere, halde fram med å løpe i oppoverbakkar, slite ut eit par nye joggesko, halde fram med å smile til sola, danse i mørkret, stå opp om morgonen, halde fram med å leite etter ein båt utan anker. Det er den einaste utvegen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar