tirsdag 2. november 2010

Nei, ein skulle ha vore gammal

Ein skulle ha prata om fordelane med å spele kabal på datamaskinen, for då var det berre å trykke på korta. Ein skulle ha hatt ei kone som ordna med skjortekragen. Ein skulle ha gått rundt i düffelcoat og ein sekk frå OL i nittifire. Ein skulle ha hatt ein lauvblåsar, snøfresar og grasklippar, så ein hadde noko å finne på når kona blei vrang. Ein skulle ha stått opp til fedrelandssalmen klokka 6.57 kvar sundag. Ein skulle ha lese Dansen gjennom skuggeheimen på senga. Ein skulle ha takka for kvar dag ein fekk.