fredag 31. desember 2010

torsdag 30. desember 2010

Framtida bak

Eg spør deg om planane dine. Du svarer at du skal drikke opp ølen, kanskje danse litt, finne ein ny øl. Eg seier at det var ein god plan. Skål, seier eg. Vi skålar. Du startar på ei historie frå då du var i New York, men eg ser over skuldra di, heilt bort til døra. Høyr, skal eg seie. Høyr på dette: Eg kan skrive fem «eg veit»-setningar om fortida di. Det er nok. Sei meg heller noko om framtida di, det som enno ikkje er, det som kanskje kan bli, slik som oss.

Men eg kjem ikkje til å seie det. Eg kjem til å gripe etter ein metafor. Du kjem til å gripe etter handa mi. Vi kjem til å køyre i kvar vår drosje, og du kjem til å vakne opp i morgon og lure på kven som eigenleg trekte seg unna. Det er framtida. Men det veit du ikkje når eg lener meg fram og seier at eg må ha meir drikke og spør om eg skal ta med til deg òg.

Etter nok eit juleselskap

Etter nok eit juleselskap hengjer eg den blå skjorta på ein knagg, dressbuksa på buksehengjaren. Eg tek på meg bestefars gamle joggebukse, og eg kjenner meg tom. Det har vore nok eit juleselskap, med nok ein julemiddag, nok ein juledessert, nok eit julekakefat, og nok ein runde med juleprat. Det var ikkje noko å utsetje på laget, det var ikkje det, men eg mista interessa der ein stad. Eg veit ikkje kva det kom av, men plutseleg kjende eg meg tom. Eg hadde mista julegneisten, sjølvaste julegneisten.

tirsdag 28. desember 2010

Ikkje sjå bakover

Det er mykje ein burde gløyme. Her eg sit no, på barndomsrommet mitt, er det att alt for mange ting som gjer at eg kjem i hug slikt. Det same skjer når eg tittar på gamle tekstfiler og bilete som ligg att på datamaskinen, slik eg har gjort dei siste kveldane. Det er heilt utruleg at ein tek vare på slikt. Det får meg til å hugse vonbrot og vonløyse som om det var i går, men endå så lèt eg det vere. Ein burde ha pakka det ned for lengst og flytta det opp på loftet. Barndomsrommet burde gjerast om til eit upersonleg salsobjekt med kvite vegger og smarte løysingar så fort ein har flytta heimanfrå. Nostalgi gjer seg best i pappaskar som aldri blir opna.

Men viktigast av alt er å ikkje ta vare på gamle bilete, for plutseleg kjenner ein at hjartet framleis slår.

mandag 27. desember 2010

Beint fram

Den siste tida har eg blitt meir og meir trygg på kva eg står for. Eg har gått heilt inn for nynorsken som eit bruksspråk når eg skal vere student eller skribent, og det er ein heilskapleg tanke bak det eg driv med, ikkje berre medkjensle og eit verkemiddel, slik eg såg på det før. Men samtidig som eg får det til å henge meir i hop for meg sjølv, så grunngir eg det mindre og mindre til andre, for det er alltid noko unnvikande med det å kome med ei grunngjeving for dei vala som ikkje er innanfor norma. Eg har det på same måten med kvifor eg ikkje drikk alkohol. Det gir meir og meir meining for meg at eg framleis held meg til eplemosten, men eg har mindre og mindre lyst til å greie ut om det. Eg ser at det handlar om kven eg faktisk er som person, og det er ikkje noko eg vil opne opp for alle. Eg vil ha det for meg sjølv, vite det for meg sjølv, og eg vil berre vere ein god representant.

søndag 26. desember 2010

Takksam

Dei dagane som ligg føre meg no, er av det beste slaget. Eg har ikkje lova meg bort til nokon, og det er ingen som ventar på noko eg må gjere. Det er mogleg å halde kjeft utan å få dårleg samvit. Eg treng ikkje sjekke e-posten, eg kan la mobilen liggje heile dagen. Det vil ikkje vare lenge, men i eit par juledagar er verda så grei.

fredag 24. desember 2010

Vottar

Eg fekk vottar i julegåve av syster mi, vottar ho har strikka sjølv, og eg sit her og er imponert. Tenk å ha ei slik syster. Dei har fint mønster, i grått og kvitt. Varme er dei òg. Tenk å få heimestrikka vottar. I morgon skal eg ut og prøve dei ut.

torsdag 23. desember 2010

Berre kjærleik

Det er kjærleiken vi vil ha. Heile tida er det kjærleiken vi ventar på. Men kjærleiken er der heile tida. Da ist trotzdem irgendjemand, immer irgendjemand, der dich liebt.

Med dei beste ønska om ei gledeleg jul.

Eldhug

Det blei ikkje nokon skitur i dag, slik vi hadde prata om. Det var for kaldt, fann vi ut. Men eg måtte ut seinare på dagen for å levere ei gåve, og medan eg venta på bussar og baner som ikkje kom, fekk eg god tid til å gå att og fram i snøvêret. Eg gjekk att og fram for å halde lekamen varm, men eg prøvde òg å halde hugen varm, og då prøvde eg å kome på varmande uttrykk. Etter ei stund med vendingar som «brenne ned, brenne opp, brenne som ei lunte, tampen brenn, brenne i begge endar, brenne for noko, brenne inne med noko, brenne alle bruer», blei eldhugen kveikt.

onsdag 22. desember 2010

Som alltid

Vi sat rundt eit bord og prata i kveld, det som ein gong var eit band. Dei andre tok nokre øl, og eg sat der med eplemosten min, og eg tenkte på alle dei gongene vi skal sitje slik, på ein eller annan utestad / restaurant / kafé og prate om straumprisar / telefonabonnement / skiløparar. Og om nokre år kjem vi til å prate om endå meir vaksne ting, som barnehageplass / boligmarknaden / fortida, i tillegg til straumprisar / telefonabonnement / skiløparar.

Men eigentleg er vi dei same som vi alltid var.

mandag 20. desember 2010

Ro ned

I dag køyrde eg t-bane saman med Seasick Steve. Han sat på eit sete framom meg, og han var full og langt ifrå sympatisk, og det var midt på dagen. Han spurde jentene som sat der om han kunne få høyre på musikken dei hadde på øyra, men dei ville ikkje. Dei snudde seg vekk. Og han tok opp ei flaske frå lomma og drakk meir. Eg trur ikkje dei visste kven han var.

Eg fekk lyst til å seie: «Take it easy, Steve.» Sjølvsagt skulle eg ha gjort det, men sjølvsagt gjorde eg det ikkje. Eg heldt kjeft og gjekk av på min stasjon.

Men eg spelte musikken hans då eg kom heim.

søndag 19. desember 2010

Inkje

Eg har prøvd meg som kvardagsbloggar i det siste. Eg ville kjenne på korleis det var, sjå kva eg kom opp med. Eigentleg har det vore eit vellykka prosjekt så langt, men så fort eg berre skriv drit, så kjem eg til å slutte. Men inntil eg berre skriv drit, så skal eg skrive & skrive.

Det mest spanande er eigentleg kva ein kan skrive om når ein ikkje har noko å skrive om. Kva finst i nullpunkta? Kva finst der det berre er stillstand, rastløyse, a big black nothing? Eg må berre bli ferdig med julegåvene, så skal eg finne det ut.

fredag 17. desember 2010

Klein

Eg har lyst til å skrive ei masteroppgåve om eitt einaste ord. Heile oppgåva skal kun handle om det eine ordet. Spørsmålet er berre kva for slags ord som kan gi nok stoff til så mange sider. No for tida har eg lyst til å skrive om ordet «klein», men eg veit ikkje om det held. Tenk om det går. Det hadde vore noko.

torsdag 16. desember 2010

Ut i periferien

No sklir det ut her. Eg er på veg ut i periferien. Det er mykje eg burde gjere, men eg har god tid, så då må eg ikkje gjere det likevel. Eg kan sitje lenge oppe utan at det gjer noko, så då sit eg lenge oppe. Eg er i limbo mellom kvardag og ferie, men aller helst vil eg setje ein strek, kanskje to, hente skia mine og stikke av frå alt.

onsdag 15. desember 2010

I drift

Eg skal leggje inn årene. Eg skal løfte dei opp frå vatnet, få dei inn over ripa, sjå på dropane renne langs treverket. Så skal eg leggje meg i botnen av båten, og der skal eg bli liggjande. Eg skal liggje langflat med vatnet under meg, heilt i ro. Der skal eg liggje til eg støyter mot land.

tirsdag 14. desember 2010

Yiha

I heile dag har eg gått rundt min eigen akse og prøvd å hugse om eg har gløymt noko. Eg har høyrt på Majorstuen, vaska klede og funne fram adressar til dei julekorta eg tenkte å skrive. Alt mogleg for å koble av.

Men så har eg vore styrmann for Lucia-konserten til korpset eg speler i, og det gjekk som det skulle. Det flaut godt, det lét godt. Eg trudde det kom til å gå greitt, men det gjekk betre enn venta, og eg kan sove godt i natt. Eg har fått skryt, og eg såg at mor mi var stolt. Eg såg det i auga hennar. Det kan ein leve lenge på.

Det er ikkje kvar dag eg kan seie det, men i dag er eg nøgd med meg sjølv. I dag har eg fått det til. I dag har eg vore god.

Då må vi feire med meir Majorstuen.

mandag 13. desember 2010

Trist / Vakkert

Eg kom til å tenkje på noko som hende for eit par veker sidan. Eg har ikkje fortalt det til nokon enno, for eigentleg er det mest trist, men kanskje litt vakkert. Dette blir første gong eg fortel det:

Det var ein fredag. Klokka var kanskje tre, kanskje fire. Eg hadde vore og sjekka ein postboks på Torshov, og eg rakk akkurat å springe inn på trikken som skulle opp til Storo. Eg kom inn bakarst, og eg stod litt og fekk att pusten. Eg lurde på om eg skulle setje meg, for det var ledig ved sida av ei jente som sat ved vindauget med ein kaffikopp frå Narvesen eller 7-Eleven, men eg stoppa opp, for det var noko med ho. Ho var fin, det såg eg frå der eg stod, men det var noko meir, og eg skjønte det etter kvart. Eg hadde vore forelska i ho ein gong, ein av dei gongene det faktisk betydde noko. Og eg blei ståande. Eg kunne ha spurt om det var ledig, men eg blei ståande. Eg kunne ha takka for sist og meint noko med det, men eg blei ståande heilt opp til Storo. Og medan eg stod der, så tenkte eg at dette er trist, men vakkert. Trist fordi eg ikkje tør. Vakkert fordi eg ikkje vil øydeleggje noko. Og då ho skulle av, så gjekk ho framover. Ho kunne gått bakover og sett meg, men ho gjekk framover, og eg venta akkurat lenge nok før eg gjekk ut, og ho såg meg ikkje. Eg gjekk bak ho, og eg tenkte at ho gjekk så fint, det var noko med korleis ho gjekk. Men eg ville at ho skulle stoppe opp, snu seg, knyte skolissa, ikkje la meg kome unna med det dette, men det gjorde eg. Ho gjekk til høgre, og eg skulle til venstre, og ho såg meg ikkje. Det var mest trist, men ho var vakker.

lørdag 11. desember 2010

Fjernsyn

Eg drog heim til mor og far i dag. Eg låg på sofaen i eit par timar og såg på fjernsyn, og slikt plar eg ikkje gjere. Det er ikkje heilt min type aktivitet, men det gjorde ikkje noko frå eller til. Eg trur eg er den same som før. Det var ikkje noko på fjernsynet som endra livet mitt i dag.

Berre jord

I dag sat eg på litt på Matematisk bibliotek. Eg las i ei bok, og då eg skulle til å gå, så spurde han som sat ved sida av meg: «Trur du på Gud?» Heilt ut av inkje. Eg drog litt på det, men så sa eg som sant er (om det er mogleg at noko kan vere sant): «Nei, eg gjer ikkje det.» Men det var visst ikkje det rette svaret. Eg burde visst tru, og han hadde mykje på hjartet om kvifor. Han fortalde at nesten alt i Koranen var bevist, at Allah var ein stor matematiker, og etter kvart handla det om himmel og helvete. Eg var høfleg til det siste, men så måtte eg gå.

Då sa eg: «Eg vil helst berre bli til jord når eg døyr. Ikkje noko anna. Berre jord.» Men det var visst ikkje noko alternativ.

Så song eg på denne resten av dagen.

torsdag 9. desember 2010

Eit spel

Og eg spør: Er alt vonlaust all mi tid?

Livet er som monopol. Rykk attende til start. Alle husa og hotella brenn. Og du blir aldri ferdig. Du kan ikkje gi deg. Du må halde fram med å spele. Eit evigvarande monopol utan å kome i mål.

Livet er som Ludo. Du kjem deg aldri ut av startblokka. Du kastar og kastar, men får aldri seks. Mensch ärgere dich nicht, men det er det du gjer. Du kjem deg aldri i mål.

onsdag 8. desember 2010

Under lupa

Det har vore stille her i det siste. Livet har gått føre skrivinga, studia har gått føre livet, lærarjobben har gått føre studia. Men eg kom meg i mål i dag, siste eksamen før jul, og eg er halvveges i studia mine. Ein skål for det. Eg tenkte å kome attende til blogginga, setje livet under lupa att. Eg skal finne fram orda att, kome inn i rytmen, elske skrifta og tru på livet.