torsdag 31. desember 2009

Adjø, totusenogni

Adjø til to nisser i Kongo. Adjø til grisesjuka / nøff-nøff / H1N1. Adjø til politihijab, biodiesel og helse-Hansen. Adjø til Lars Sponheim og sju andre representanter fra Venstre. Adjø til furubordet Erlend Loe. Adjø til Hallo i Uken. Adjø til Michael Jackson. Adjø til Haakon Lie, Sverre Fehn og Arne Næss. Adjø, adjø, à Dieu.

Adjø til språkhandlinger & språkholdninger. Adjø til daddelutdeling & dialektnivellering. Adjø til seddelsortering & Kristian Birkeland. Adjø til bloggingen.

Hei, totusenogti.

Hei til nye Holmenkollen. Hei til OL uten Andresen. Hei til MGP-hysteri. Hei til nordisk, særlig norsk, litteratur 1800-2000. Hei til mer novelleskriving. Hei til statistikk. Hei til nye dager & nye sjanser & nye kompromisser fra Obama & nye kriser & nye brunostskiver. Hei, hei, hei på deg.

Adjø til 00-tallet. Hei til 10-tallet.

(GODT NYTT ÅR)

søndag 27. desember 2009

Topp 5 dialektalbum frå 2009

Etter framlegg frå Erik blir det ei kåring av dei fem beste dialektplatene som kom i året som snart har gått. Med digresjonar. Musikken kan du finne på Spotify.

# 5 : Side Brok - Ekte Menn

Side Brok er ei rapgruppe frå Ørsta, plassen der Ivar Aasen kom ifrå, og dei har etter kvart blitt nokså kjende. For ikkje lenge sidan kom dokumentarfilmen Heimegutar som handlar om gruppa, og i samband med syninga på BFF sa to av dei noko om kvifor nett denne dialekten gjorde seg til rapping:

«Fordi sunnmørsdialekta he mykje kraftige konsonantar og sterke lydar som knitra og spraka, som gjer det til et rytmiske språk.» - Runar Gudnason. «Og veldig sexy.» - Bård Aasen Lødemel

Eit utdrag:

alle vil verte godtatt /
om du e mozart, borat, advokat, dovakt /
på vitamina elle prozac, motsatt /
kan’kje du ver dej sjøl uten å verte motsagt /
hat og behag, smak og bedrag /
det e kvar dag frå daggry te daggry /
det e sånn det e i kvar bygd og kvar by /
skadefryd og gammen i vilden avsky /

Dette er frå låta «Skjemde», og dette er triksing med bokstavar (advokat, dovakt) og miksing med ordtak (skadefryd og gammen i vilden avsky), eklektiske koblingar (mozart, borat) og godt driv. Dette er ikkje lågkultur, men ekte ordkunst frå ekte menn.

# 4 : Kråkesølv - Trådnøsting

Kråkesølv speler indierock og kjem frå Bodø, og det er ei fin, lita plate. Då dei blei intervjua av Anne Lindmo, kom dei inn på bowling, for dei er ivrige på å spele bowling, dei gjorde det når øvinga gjekk dårleg, det er det som har gjort at bandet har halde saman, og dei takkar bedriftsbowlingen i Bodø på takkelista, der dei ligg i tredje divisjon og går for opprykk, og eg synest det er fint med slike som nesten heller vil bli proffe bowlingspelarar enn å gjere det stort med bandet.

# 3 : Tom Roger Aasland - Blod på spora

Tom Roger Aadland har omsett Dylan-plata Blood On The Tracks til nynorsk. No var dette eigentleg ei liste med dialektalbum, men denne passar fint inn. Eg har ikkje gått omsettinga etter i saumane, men løysingane verkar gode, det er fine liner både her og der, og han gjer tekstane til sine eigne. Det er eigentleg eit sympatisk prosjekt, for det opnar òg opp for å høyre på originalen på ein annan måte.

Dette med Bob Dylan har nokre røter til norskfaget, for på ungdomsskolen kom norsklæraren inn med kassegitar ein time. Då skulle vi syngje «Don't Think Twice, It's All Right», deretter den omsette versjonen til Jan Erik Vold. Det blei allsang med Dylan på norsk og ein norsklærar som synte fram ei ny side av seg sjølv, og denne vinklinga opna opp noko, på same måte som då eg fann ei tolking av «Emotionally Yours» skrive av norsklæraren min på vidaregåande, slik at eg òg kjem til å bli ein norsklærar med sansen for Bob Dylan.

#2 : John Olav Nilsen & Gjengen - For sant til å være godt

John Olav Nilsen & Gjengen er eit rockeband frå Loddefjord i Bergen som har fått ein del merksemd i media og som kjem høgt opp på kåringar av det beste albumet i år. Endeleg noko god, ny norskspråkleg rock etter dei fire store (Jokke, Raga, DumDum & deLillos), seier musikkjournalistane, og eg synest det er utruleg at ikkje John Doe blir trekt fram, for det er slik norsk rock skal vere, men John Olav Nilsen skriv god gatepoesi, bra låter på bergensdialekt.

I filmen High Fidelity seier Rob: «Did I listen to pop music because I was miserable? Or was I miserable because I listened to pop music?» Og eg har det nok på same måten når eg høyrer på artistar som John Olav Nilsen. Uansett kva som kom først, gjorde det at eg skreiv ein tekst som dette i haust:

Av og til vil eg berre forsvinne, bli ein i mengda, ein av ingen. Eg vil vere eit eksamensnummer, lesesalplass 229 og eit blikk med vakuum. Snart vil eg skrå ut mellom VB og Abel og sparke i lauvet ned mot grusplassen med minneplata til A. Storsveen, eller eg vil gå i gatene med eventyrnamna og tenkje på deg. Nok eit forsvinnings- nummer og ingen veit det, ingen såg det, ingen brydde seg.

#1 : Stein Torleif Bjella - Heidersmenn

Bjella kjem frå Øvre-Ål i Hallingdal og er visesongar med kassegitar og tekstar på hallingmålet. Det var han som sat på kjøkenet og spelte i eit tidlegare blogginnlegg. Han syng om bygda og bygdeoriginalar, men det kan likevel treffe ein bygut som meg,
som i «Lite Peng»:

Hei Gud
Du må bi lei tå store ord
Neste gong
Kom sjøl
Ikkje send junior

For kva handlar det eigentleg om?

Handlar det om å seie hei til Gud som ein kamerat, om at det er dei små tinga som gjeld, som å fylle gamlinga med jus, få hjartespreng av Språkteigen? Eller er det eit åtak, ei kjensle av å få lite att for dei store orda? Eller handlar det om at Han burde kome sjølv, så vi kan ta ein kaffikopp saman, berre prate ut litt, om dei små tinga, finne ut kor vi står. Eller handlar det, som resten av songen, om at du ikkje er åleine, at det alltid er ein kamerat, Gud eller kvarmannsen, som berre er der ute ein plass, utan at du kjenner dei, berre så du veit at du ikkje er åleine?

fredag 25. desember 2009

Så ble det jul i år også

Min søster fikk mandelen, min bror fikk en tykk bok om 2. verdenskrig og jeg fikk et vaffeljern. Farfar var brun & blid etter å ha vært i Brasil, samtidig litt trist fordi farmor ville ha fylt år, men han hadde måkt på gravlunden og gjort det fint der. Mormor var litt bekymret for at det ikke var nok poteter, innerst inne fornøyd med ribba & svoren som førte til knaselyder rundt bordet. Mamma lo lydløst, med små gisp, slik vi gjør i min familie, tilfreds etter å ha kjøpt gaver som ikke sto på ønskelista, men som vi ble glade for likevel. Pappa hadde fått på juleslipset og fikk en hjemmestrikket venstrevott av min søster, med lovnad om en høyrevott nå som vi ikke har noe å gjøre, men hele dagen å gjøre det på.

tirsdag 22. desember 2009

Bittelille

Sesongens første skitur. Blå Ekstra. Kald i maska. Gammel venn. Prat om gamle dager. Jeg sier jeg skal løpe Grefsenkollen Opp til sommeren. Ingen vei tilbake nå. Vi tar en rolig start. Tryvannstua. De gamle er fornøyd med grøten. Jeg er fornøyd med kanelbollen. Neste gang blir det lenger. Jeg må jo komme i form igjen.

søndag 20. desember 2009

Glade jul

Glade jul, hellige jul!
Engler daler ned i skjul.
Hit de flyver med paradis grønt,
hvor de ser hva for Gud er skjønt.
Lønnlig iblant oss de går.
Lønnlig iblant oss de går.
 




Oppklaring fra Språkteigen 21.12.08:

(Randi Lillealtern spør. Sylfest Lomheim svarer) 

Hva betyr «engler daler ned i skjul», da?

- Det betyr jo ikkje vedskjul, berre at dei dala ned i skjul, altså dei er gøymde, me ser dei ikkje.

Også kommer vi til «lønnlig iblant oss de går».

- Og det er faktisk det samme, for det betyr at me ikkje ser dei, dei går blant oss lønnlig. Fordi at dette med i lønn betyr i det skjulte, og det er det samme med det nynorske ordet når noko er løynd, så er det noko som er lønnlig på dansk.

Men så flyver dem jo til oss med «paradis grønt», da.

- Og det er ikkje at dei kjem med ein grønfarge frå paradis, men paradis grønt betyr at dei kjem hit flygande med grøne greiner frå paradis. Paradis er jo ein frodig hage.

torsdag 17. desember 2009

Til jubilanten



Til den tidlegare gravemaskinkøyraren frå Vågå som skreiv «var eg ein Gud, ville eg skapa ei stillare verd» på fjellveggen, han som kjem til å bli den stautaste norsklæraren, han med det vene midlandsmålet, han som no har funne sin heim i stilla på Bjørnsgard, han som byr på vaflo & kaffi, med to kattungar som slåst & søv overalt, og han som får vite mest om dameproblema mine og kant det går med kjærleiken.

Gratulerer med dei første tredve, Even.

onsdag 16. desember 2009

Eksamensdiktet

Del ut oppgavene,
ropes det med ekko
i fjellene

Lykke til,
hviskes det
som et snøskred
i det fjerne

En manngard av pensjonister
går mellom benkeradene

Men søkestengene er byttet ut
med tomme
hvite vidder

søndag 13. desember 2009

Knud Knudsens avløserord

Det er en kjent sak at Ivar Aasen ikke var videre glad i anbehetelsesord, men Knud Knudsen, bokmålets far, var også en ivrig målpurist, og han ga ut boka Norsk og unorsk eller fremmedords avløsning, som består av 987 sider med forslag til norske ord som kunne avløse de unorske. Noen fant han på, andre hentet han fra folkemålet, men det var få av dem som ble tatt i bruk. To av ordene som fikk fotfeste, var århundre og ordskifte.

Men det er artigere med de ordene som ikke helt slo gjennom. Jeg har virkelig sansen for gammelfrelst for konservativ, samt hjerteskudt for forelsket.

fredag 11. desember 2009

Småting

Eg går berrføtt ut på kjøkenet, set på vasskokaren. Morgenbladet ligg utanfor døra, og eg er ferdig med semesteret. Eg trur det har gått bra, så det blir presskannekaffi i dag. Og eplesyltetøy under brunosten.

Det står ein notis om statusen til ulike yrke i avisa, og eg finn fram tala frå undersøkinga på verdsveven. Der meiner 16 % at det å vere lærar har høg status, medan 18 % meiner at handverkaryrke har høg status. Jaja.

No er det tomrom framover, mykje å fylle, men eg har ingen masterplan. Det blir mest småting, å kjøpe dress i dag, starte å skrive julekort. Etter kvart blir det julebord, julekonsert & julegåvehandling. Neste helg skal Erik og eg spele inn litt meir musikk.

Og så gjeld det berre å hugse: 

All we got to do is
Be brave
And be kind

lørdag 5. desember 2009

Hjemme hos meg



Min korktavle.


Mine skjorter.


Mine leste bøker.


Mine uleste bøker.


Mine naboer.

onsdag 2. desember 2009

På den første dagen i desember

... ligger det en rand av sol langs åskammen over Oslo når en flittig student drar til Blindern.
... er det rim som glitrer på rekkverket.
... har noen på lesesalen en lei hikke.
... har en annen tatt med seg en fersk kanelbolle,
og duften sprer seg uten omtanke.
... er det kaldt uten ullundertøy.
... går jeg trapper for å få varmen i beina.
... skriver jeg under kontrakten på en ny jobb.
... er det såvidt Erik og jeg finner plass til å spise lønsjen vår.
... går en gammel dame uten sokker i skoene.
... har de fått en ny kaffemaskin på jobben.
... blir enkle ting vanskelige.
... er du fin selv om du ser en annen vei.
... skrangler det i en tom matboks med gaffel i når jeg går hjem.
... ser jeg en av Oslos beste indieartister på banen.
... kryper jeg sammen i fosterstilling under dyna.

På den andre dagen i desember skriver jeg det ned.