mandag 2. desember 2013

Eit språkleg medmenneske

Eg tek stadig språkhaldningane mine opp til vurdering. Dei siste vekene har eg tenkt mykje på korleis eg ytrar meg om språk i møte med andre, og eg har funne ut at eg framleis har mykje å arbeide med, mykje å tenkje gjennom. Eg ønskjer verkeleg å vere eit språkleg medmenneske, sjølv om eg ikkje alltid veit om eg er det i røynda.

Men det eg heile tida prøver å unngå, er å ytre meg slik språklege maktmenneske og sjåvinistar gjer. Dei finst det dessverre alt for mange av allereie, og ein finn dei i alle leirar. Slike sjåvinistar trur så inderleg vel at deira måte å prate og skrive på, er betre enn andres. Difor bør andre bli tvungne til å skrive og prate som dei, naturleg nok. Sjølvelskarane vil visst ikkje innsjå at deira objektive sanningar berre er kva dei sjølve finn stort og gildt.

Misforstå meg rett: Det er bra at folk er glad i sitt eige språk, men det må ikkje gå for langt. Det er skilnad på stoltheit og sjølvgodheit. Det er skilnad på rak rygg og nasen i vêret.

Men det dei fleste gjer – når dei står der med nasen i vêret på toppen av stigespelet – er å påverke andre til å godta slike objektive påstandar om verda. I språklege samanhengar handlar det oftast om å overtyde andre om det avgrensa bruksområdet til deira måte å prate eller skrive på. Og dei som ikkje er maktmenneske, finn seg i det. Dei endrar på språket for kome oppover i systemet, og etter kvart blir mange av dei sjølve målberarar av det same synet, medvite eller umedvite.

”Det var denne Bikkjebøyging i Rygg og Tanke, som altid er Trælens Merke,” som Vinje skriv i Ferdaminni då han får sjå helsingane til kongar og adelsmenn som bøndene har krota inn på drikkehornet frå Hol.

Men at trælen er træl, kan ein ikkje gi trælen skulda for. Det er korleis andre forvaltar språkmakta dei sit med, som er årsaka til trælkinga. Ein skal ha ei ryggrad av malmen furu for å halde ryggen rak når kastevindane kjem nedover Holmenkollåsen eller ut frå vindmaskinene til Schibsted-forlaget. ”Det blæs på toppom,” som mormora mi plar seie. Difor har eg stor respekt for slike som Bjørn Bø, Even Skårberg Aarnes, Rigmor Aaserud, Nils Dalseide og mange fleire. Flinke folk med ei tydeleg røyst kan ein aldri få nok av.

Det eg prøver på her, er å sirkle inn ei innstilling til språkbruk som bør vere uavhengig av særinteresser. Dei eg vil ha med på laget, er folk som ønskjer å setje mot i kvarandre til å stå med rak rygg, og lage gull av eigen malm. Eg er i hovudsak ein som vil sleppe unna språkleg einsretting når eg skriv og pratar med andre. Eg orkar ikkje å bestemme over korleis andre skal snakke eller skrive. Det må dei få bestemme sjølve.

Det gjer at eg ikkje ser på meg sjølv som målmann. Eg er eit språkleg medmenneske, og at eg nyttar den målforma eg gjer, kjem rett og slett av at eg testa ut det temmeleg magre tilbodet av språkformer her til lands medan eg gjekk på vidaregåande, og at eg i ettertid fann ut at eg treivst best med den eine av dei. Og slik er det for dei fleste. Dei lærer to. Bestemmer seg for det eine. Null dramatikk.

Dramatikken tek først til når folk meiner at personlege val og resultatet av demokratiske prosessar må motverkast gjennom tvang og lovbrot. Gjennom alle tider har språklege maktmenneske organisert seg gjennom borgar(skaps)vern, og det skal dei sjølvsagt få lov til, men døra inn til fellesskapen av språklege medmenneske står alltid på gløtt – om de skulle ombestemme dykk. Her finst varme og toddy, folkens! Men ingen bokbål og einsretting.

Det eg ønskjer meg, er mest mogleg språkleg variasjon, både skriftleg og munnleg. Som språkleg medmenneske prøver eg å vere ein språkutvidar. Eg vil gjere språkverda romslegare, rausare, meir tolerant og gi mitt vesle bidrag til at ulike språklege uttrykk blir sett på som likeverdige. For meg handlar det om at ingen skal trenge å kjenne seg som undermenn på grunn av språksystemet sitt, noko som eigenleg burde vere ein grei affære.

Slik har eg sirkla inn det språklege medmennesket, men det er berre eit framlegg. Eg vil ikkje definere noko, avgrense noko, eller stengje noko. Eg vil ikkje bestemme over språket ditt.

God skriving. God prating.

(Takk til A. O. Vinje, J. Hellesnes, K. Fløgstad og H. Sandøy.)