fredag 7. desember 2012

«Vi var alltid på reise og kom aldri fram»


Foto: Anna Rosa Strassegger

Denne hausten har Peter Franziskus Strassegger (28) debutert som forfattar med boka Stasia – ein roman om den vesle guten Armin, storesøstera Stasia og familien som reiser frå land til land og byggjer hus for andre. Familien lever som trekkfuglar, utan ein fast stad å bu. I samtale med STEMMER fortel han om skriveprosessen, barneperspektivet og den manglande kjensla av tilhøyrsle.

Eg sit framfor Sagene kyrkje. Det er fredag, og første dag av Bokfestivalen i Oslo. Eg sit og ser bort på Gråbeinsletta – som er namnet på parken på andre sida av vegen – og på statuen der. Det er ein ung gut, Josef, av dansken Jørgen Gudmundsen-Holmgren. Han står ved enden av eit basseng, som no er tomt. Han står der mellom lindetrea, og Josef ser på meg.

Eg ser for meg kva Josef kan sjå: Han kan sjå meg – eg sit på ein benk til venstre for kyrkjedøra. Han kan sjå Sagene kyrkje, som reiser seg som ei borg mot den blå himmelen. Han kan sjå ein mann som kastar ein pinne, og bikkja som spring etter. Og Josef kan sjå Peter kome gåande inn frå venstre, inn i biletet, framfor Sagene kyrkje. Peter helsar på meg, og vi forsvinn ut av biletet, inn på ein kaffistad.

Den lange vegen
Der inne, når Josef ikkje ser oss lenger, bed eg Peter fortelje om prosessen fram mot debutboka. Vi sit med boka mellom oss, og Peter startar med å fortelje om den lange vegen fram til det ferdige produktet – Stasia, ein roman.

Vegen har gått om fleire skrivekurs, først i Bergen rundt 2004, og så var det kurs i kreativ skriving i Berlin. Då losna det, og han skreiv ei kortprosasamling som Aschehoug var positive til, men som ikkje kom i mål. Han skreiv ein roman som ein del av Aschehougs forfattarskole, som heller ikkje blei noko av. Men parallelt med det siste så oppstod den historia som no har blitt Stasia. Det var i 2009.

– Denne romanen byrja berre med ei stemme som var i ein av korttekstane som eg hadde levert inn tidlegare. Det var ei sånn liding i den stemma, og eg tenkte: Kva slags kontekst passar det inn i? Det passar ikkje inn i ei historie der det går bra, med ein stabil oppvekst i Noreg. Det var noko meir lengtande og sørgjande i den. Her må eg prøve å finne ei form og ein kontekst og ei historie til denne skjøre, litt unge guten, som er så undrande og lidande.

Også har eg lenge vore interessert i omreisande folk, som det jødiske folket, romfolket og i sirkus. Og der kjem lengsla og mangelen på tilhøyrsle inn. Eg ville jo skrive ein sirkusroman, men eg brukte heller ting eg kjende litt til, nemleg å byggje hus og reise på Autobahn. Også dikta eg utifrå det.

– Er det eitt minne du hugsar spesielt godt frå skriveperioden, der du verkeleg kjende at du hadde fått til noko?

– Ja… Eg sat på ein busstur med sambuaren min ein gong, og eg byrja å skrive eit par formuleringar til stemma til guten i notatboka mi. Og når eg bladde tilbake etter at boka hadde kome ut, så såg eg at eit par av dei setningane var heilt like dei som står i boka. Dei hadde ikkje blitt redigert – dei kom berre sånn rett ut. Eg visste godt eg var veldig inspirert då, og eg hugsar akkurat den formuleringa, det biletet eg skreiv ned, som overlevde resten av redigeringane. Som var så fint, for det var eit rått uttrykk.

Ei historie til barnestemma

– Medan eg har lese boka, har eg tenkt at du lèt innfalla få ganske stort spelerom. Det verkar som du stadig lèt skrifta gjere nye vendingar. Er du veldig open for nye innfall når du set deg ned for å skrive, eller har du ein tanke bak når du set deg ned?

– Eg opplever sjølv det første du seier – at det tek meg ein eller annan stad. Det har vore ein nedanfrå og opp-prosess, for det byrja med barnestemma og bileta. Og så måtte eg berre gå med det, sjå kvar det førde meg. Det er litt difor det er vanskeleg for meg å snakke om kva boka mi handlar om, for det berre starta ein stad. Og så måtte eg berre følgje kjernen og nerven. Det gjeld i skildringane, opplevingane og i relasjonane mellom karakterane. Historia har endra seg veldig mykje undervegs, og eg har ikkje tenkt på førehand at boka skulle handle om akkurat den historia, men i staden at eg skulle prøve å skrive ut noko.

– Ein annan ting eg har tenkt på, er at det er mykje undertekst i boka. Det er mykje som ligg attom det vi får vite noko om. Korleis har du jobba for å finne den rette balansen mellom underteksten og det vi får lese?

– Eg har tenkt litt på kva som er underteksten, og eg trur det er mykje der, mykje ulikt. Og eg liker slike historier sjølv, der det ikkje er avgjort kva underteksten er. Eg har prøvd å ikkje leggje for mykje føringar i kva underteksten skal vere, men eg har jobba mykje med å skape situasjonar som kan tolkast. Noko ligg i at stemma og perspektivet og forståinga er hos Armin, den vesle guten som er 11-12 år gammal. Han får ikkje med seg alt som skjer i relasjonane mellom søstera og onkelen, eller mellom foreldra. Han forstår liksom ikkje heilt. Og det er vel noko av dette som skaper undertekst.

– Ja, for eg synest jo du får til barneperspektivet på ein veldig truverdig og frisk måte. Har du lese noko av det Johan Borgen har skrive, til dømes?

– Litt, ja. Nokre av novellene.

– Ja, for det minna meg litt om nokre av novellene hans. Kva er det som gjer at du meistrar barneperspektivet så godt?

– Det er fint å høyre. Barneperspektivet er noko eg har jobba veldig mykje med, kanskje det eg har jobba mest med i boka – berre det å få til ei stemme som skal vere truverdig. Eg har lese andre forfattarar som har skrive frå eit barneperspektiv for å forstå kva desse får til. Arild Nyquists bok Barndom er jo heilt fantastisk. Elles har det vore bøker av Hertha Müller, Aglaja Veteranyi, eller til dømes Jean Cocteaus De skrekkelige barna. Og eg har prøvd å bruke meg sjølv òg. Gå tilbake og prøve å hugse korleis det ville ha vore dersom eg hadde vakse opp i ein slik familie som eg skildrar, gå inn i opplevinga til eit barn. Det er ein spesiell indre prosess, som handlar om å leve seg inn i det.

Eg er jo heldig som har studert psykologi, så eg kan litt om utviklingspsykologi, og skjøner litt kva eit barn kan og ikkje kan i den alderen: Kor kognitivt utvikla dei er, kor mykje det emosjonelle har å seie, kor vanskeleg det er å få kontroll på blanda kjensler, som til dømes vonbrot og sorg. Det er ein god bagasje for å leve seg inn i eit barn, og prøve å få det så truverdig som mogleg. Samtidig er fantasien i barneperspektivet mykje meir laussleppt enn hos eit vakse menneske, for hendingane blir meir utydelege.

Det må vere ein kombinasjon av å lese andre, lese inn i mitt eige, og ha med det faglege. Eg har prøvd å ikkje ta med det faglege så mykje, men når eg skjøner at ein 11 åring ikkje ville prata sånn eller sånn, så tek eg det ikkje med.

Kva er verkeleg?

– Det er ikkje alltid så greitt å skilje kva som er røyndom og kva som er fantasi, særleg mot slutten av boka. Veit du som forfattar kva som er kva?

– I slutten av boka har eg skrive inn eit grep for å skape ein logisk brest, og eg håpar det skal gjere at lesaren sit att som eit spørjeteikn. Kva var verkeleg? Kva var fantasi? Og som eit teknisk grep så fungerer det slik at ingen kan vite kva som verkeleg og fantasi, men at du kan ha ei meining om når det skifter. Eg har blitt spurt om det mange gonger før av folk som har lese boka. Dei har kome til slutten og tenkt at: «Oi, dette blei heilt mindfuck». Også har dei spurt meg: «Kva er det som skjer med han? Fantaserer han berre? Eller er det verkeleg? Og har du ei meining om når og kvar det skjer?»

I byrjinga av skriveprosessen hadde eg nok meir ei meining om kva som var kva, men etter kvart ville eg berre skape eit tolkingsrom som gjer at det er opp til lesaren å skape seg ei meining. Viss ikkje kunne eg like gjerne ha sagt det tydeleg: Då og då skjedde det. Men eg ser at medstudentane mine, som også er komande psykologar, les boka på ein bestemt måte. Nokre av dei tek med seg si forståing inn i kva skjer, men fordi eg har med dette grepet, så held ikkje resonnementet deira heile vegen. Resonnementet fungerer heilt til du kjem til det siste stykket, trur eg.

– Ja, for Armin blandar fantasiane sine inn med røyndomen. Draumane blir på ein måte verkelege for han. Har du ein spesiell tanke bak det?

– Ja, han veit jo ikkje alltid sjølv kva som er verkeleg og fantasi. Etter kvart blir det meir og meir utflytande. Her er eit søskenpar med ein gut som lever i ei såpass ustabil tilvere at han treng ankerfeste i livet sitt, slik at sjølvopplevinga heng saman. Foreldra gir han ikkje noko stabilitet, og så har han brukt søstera til å stadfeste kva som er sanning. «Vi er en entreprenørfamilie, vi reiser fra land til land». Det gir han ein tryggleik: Greitt, det er min identitet. Men samtidig tek han i bruk fantasien for å skape meining, for det skjer så mykje som går over hovudet på han. Og det er ikkje alt Stasia fortel han heller, for ho har sitt eige prosjekt. Ho vil kome seg laus frå familien, og då står han åleine med å prøve å gi meining til kva som skjer rundt han. Då bruker han fantasien sin for å prøve å skape meining. Han drøymer, og han har dagdraumar om korleis eit familieliv skal vere. Fantasiane hans er veldig utrerte – omtrent som på sirkus – men det er liksom hans måte å skape meining på i den rare og ustabile tilvera hans. Det er ingen vaksne som seier at slik er det.

Når vi snakkar om funksjonen til fantasien, så er eg veldig oppteken av at fantasi i seg sjølv på ei side er bra, men på ei anna side skummel. Eg prøver å problematisere dette med fantasi i boka. På ei side har fantasien den funksjonen at den kan vere meiningsskapande, ved å gi ei indre oppleving av deg sjølv. Du kan teste ut ulike scenario, eller skape rom for deg sjølv. Det kan vere noko kreativt, eller noko du kan vekse på.

Men å gå for langt inn i fantasien er skummelt. Då misser du kontakten med deg sjølv. Og når du ikkje har noko referansepunkt å sjekke fantasien mot, som Armin manglar, så sit du att åleine med ei forvrengd røyndomsforståing. Eg trur det skjer med han, for fantasi og røyndom må flyte saman i boka, fordi han har kome så langt i prosessen og ikkje lenger får tilbakemelding på kva som er verkeleg og sant. Derfor blir fantasien sann. Og han går litt langt i den destruktive fantasien.

Mangelen på tilhøyrsle

– Men familien i boka har ikkje nokon fast stad å bu. «Vi var alltid på reise og kom aldri fram». Kva for kraft er det som held dei i hop?

– Vel… Eg prøver kanskje meir å skildre oppløysinga av familien, og den makta som prøver å halde den saman. For familien held det ikkje ut, dei bryt jo saman. Det er ei makt som gjer at foreldra kan ta med borna sine, og foreldra har sine ambisjonar og eit liv dei skal leve. Men det er ein kontinuerleg ustabilitet i dei ulike relasjonane: Mellom mor og far, mellom mor og Stasia, far og Stasia. Og Armin som berre blir slengd på.

Eg trur foreldra lever meir i det tilhøyrslelause og i det omflakkande livet som passar for dei. Det er eit liv for dei, men ikkje eit liv for borna. Borna vil tilbake til mormor, dei vil ha éin heim, og dei vil flytte inn i huset som foreldra byggjer. Det er ein stadig konflikt mellom at borna ønskjer å høyre til, medan dei vaksne ikkje ønskjer å slå seg ned ein stad. Og Stasia prøver å bryte ut av dette livet. Ho gjer det på sin eigen måte.

– Ja… I andre intervju har du sagt at mangelen på tilhøyrsle er eit tema i boka, men kva er det som har gjort at du ville utforske akkurat det temaet?

– Det har med min eigen oppvekst å gjere. Eg har vakse opp i både Noreg og Austerrike, og flytt litt fram og tilbake mellom stadene, så eg har hatt kjensla av at du høyrer ikkje til éin stad. Du høyrer til to stader. Går det an? Den kulturelle norma seier: «Nei, du kan berre ha éin heim, éin bustad». Så i Austerrike blei eg kalla utlending fordi eg var nordmann, og når eg kom til Noreg, blei eg kalla utlending fordi eg kom frå Austerrike. Eg føler at eg høyrer heime begge plassane, men å seie det blir ikkje alltid akseptert. «Nei, du kom hit. Du er utlending».

Så den kulturelle identiteten er noko som har oppteke meg veldig lenge, men eg har opplevd det på ein heilt annan måte enn borna i historia. I boka handlar det om noko heilt anna, der handlar det om noko som går meir på liv og død. Dei flakkar om frå land til land, og det er skjebnesvangert for dei.

Men eg kjenner att den manglande kjensla av tilhøyrsle, og det har vore ei drivkraft for å skrive denne boka. Mange av bileta i boka handlar om å reise, for eksempel på Autobahn – fram og tilbake mellom stader. Og barnestemma kom frå det klagande, sørgjande og vemodige hos dei omreisande folkeslaga. Det er sigøynarmusikken med klagande tonar, eller dei jødiske sørgjesongane. Det er noko der som har inspirert meg veldig mykje, også er det sett på spissen med denne spesifikke historia.

– Ja, for det er ei ganske mørk bok til tider. Men heldigvis finst det ein varme der, særleg mellom Stasia og Armin. Eg oppfatta søskenkjærleiken som den sterkaste kjærleiken i boka. Kva for tankar har du kring søskenkjærleiken?

– Ja, det var fint sagt. Eg trur det er heilt rett at den sterkaste kjærleiken er samhøyrsla mellom Armin og Stasia. Stasia er så viktig for Armin, og til ein viss grad er han veldig viktig for henne òg. Det er ein symbiotisk kjærleik, og sånn sett er den jo litt spesiell. Ein er saman på godt og vondt, anten ein vil det eller ikkje, så er ein bundne saman som søsken. Ein har jo opplevd mange av dei same tinga, og det skaper eit sånt symbiotisk samhald.

Når Armin misser Stasia, så misser han mykje av seg sjølv, for det blir eit enormt tomrom der. Det er litt som med skyene på omslaget. Dei lyse skyene synest eg det er veldig flott at designaren fekk med. For det er, som du seier, ei mørk historie. Det er dei mørke skuggane her, så er det noko her oppe på himmelen, og det er kanskje søskenkjærleiken som er det lyset.

Omslaget på romanen
– Nokre ting i boka peikar mot at eit klassisk kjønnsrollemønster skal haldast ved like i familien. «Far sier jeg må kunne ting som Stasia ikke klarer, for jeg er gutt, jeg må kunne slikt. Jeg må lære meg å slåss, mener han». Men det verkar ikkje som om Armin klarer å rette seg heilt etter det. Spesielt når han står ved urinalet og skal vere som faren, men så får han ikkje ut ein drope. Er det hemmande å gi føringar om korleis du skal vere som mann?

– Ja, det er nok det. Gutar har lært seg at jenter kan vere grenseoverskridande til det maskuline, men det blir ikkje godteke at gutar er overskridande til det feminine, spesielt ikkje av fedrane. Det er faren som vil at guten skal bli gut, men heile familien tek det litt til seg.

Eg har ikkje ein stor agenda med det, men eg ville ha det med fordi det handlar om kven Armin er. Han er ganske androgyn, og på starten fekk eg tilbakemelding der nokre lurde på om han var gut eller jente. Og han er androgyn, han er begge delar, men det er fordi han høyrer så mykje til hos Stasia, og fordi ho er ein rollemodell. Derfor kler han seg ut som jente og prøver å vere som henne. Han passar jo ikkje inn i ei klassisk kjønnsrolle, og eg synest det bør vere greitt, og det gjeld ikkje berre Armin.

Eg har jo vakse opp med tre søstrer, og eg leikte jo mykje med dei, slike jenteleikar, men eg føler ikkje at eg har teke skade av det. Og eg er veldig glad for at foreldra mine aksepterte det. Det synest eg er sånn det skal vere.

Å vere Armin
– No har vi prata om mykje ulikt, men kva er hovudintensjonen med boka?

– Det er nok å skildre korleis er det å vere denne guten – Armin. Det handlar om barneperspektivet, men det handlar òg om tilhøyrsla. Det er det eine, og det andre er det mørke i boka. Eit tema som har vore viktig, er det uhyggjelege. Das Unheimliche, som Freud ville sagt. Noko er heimleg, og noko er familiært. Det er familien som reiser, standardfamilien med mor, far og to born, men samtidig er det noko uhyggjeleg i det, og det ligg i underteksten. Kva er det eigentleg, dette her?

(Dette er ein utvida versjon av eit intervju publisert i STEMMER 2/2012)

Sjå www.stemmer.no for å bli abonnent.