tirsdag 3. mai 2011

Oversyn

Eg tenkte eg fekk ordne ei liste over det eg har skrive og fått publisert andre stader enn her på bloggen, om nokre av dykk er interesserte. Det kjem oppdateringar etter kvart.

Tekstar som finst andre stader:

- «I morgonsol» (novelle)
I Vinduet - nr. 1 / 2007.

- «Kva eg snakkar om når eg snakkar om gåing» (kortprosa)
I Filologen - nr. 3 / 2010.

- «SmiO, til meir skade enn gagn» (lesarbrev)
I Universitas - nr. 4 / 2011.

- «Togminne frå sommaren 2010» (reiseskildring)
I Mål og Makt - nr. 1 / 2011 (nr. 148).

- «Frå eit folkehav med litterære dønningar» (essay)
I STEMMER - nr. 1 / 2011

- «Spora på Verdsveven» (tre refleksjonar)
I Filologen - nr. 3 / 2011

- «Bureisaren og vagabonden» (intervju)
I STEMMER - nr. 2 / 2011

Det kjem fleire tekstar i magasinet STEMMER - bli abonnent eller sjå kvar det er til sals her.

mandag 25. april 2011

Sidan sist

E-post, kl. 00:08, 23.04.2011, ein kommentar frå mor:
«Nå som frøken Voe har annonsert sin gjenoppstandelse tar man seg den frihet å håpe på sommerfugleffekten.»
*

Tja, eg kan kome med nokre av høgdepunkta sidan sist:

#1 - Eg har gått fleire skiturar, mellom anna forbi dette skiltet.

#2 - Vi har hatt tapas-kveld på Institusjonen


#3 - Eg har gått i fotefara til Terje Tørrisplass.

#4 - Eg har testa ut hermetiserte pærer og kremfløyte. 

Elles har det ikkje skjedd så mykje.

mandag 3. januar 2011

Mitt 200. innlegg

Det får vere nok.

Eg hoppar etter Voe, hoppar av lasset. Eg prata om det i fjor også, eg veit det, men eg meiner det no. Eg må halde attende for å ikkje gå på ein smell. Det er best slik.

Men eg skal vere med i redaksjonsrådet til bladet STEMMER no, så de får bli abonnentar der. Og eg har andre tekstar som kanskje kjem på prent andre stader. Det vil kome meir, men ikkje her.

Hei & hå.