mandag 18. oktober 2010

Om gåing & Oslo

Siste nummer av Filologen handlar om Oslo. Eg har ein tekst på side 6 & 7. Du kan anten lese han her, eller gå innom Sophus Bugge ein dag og plukke med deg eit eksemplar. Eg sit med papirutgåva no, og det blei fint, med bilete av Blindern og greier. Burde gjere meir slikt.

tirsdag 12. oktober 2010

22

Eg var på hytta i helga. På laurdagen fylte eg år, og søstera mi spurde om eg kjende meg vaksen. Eg visste ikkje heilt. Kanskje. Men så kom eg fram til at det å vere vaksen ville seie å vere den same frå år til år, vere lik seg sjølv, at ein har funne hylla si i livet, og det har eg ikkje. Eller: Eg er trygg på at eg skal bli lærar, ein god lærar, meir og meir trygg på meg sjølv, men eg har ikkje landa på grunntonen enno, eg har ikkje blitt eit orgelpunkt enno, ikkje heilt vaksen. Eg kan vere ein dirrande septim, like ved, men langt unna.