fredag 27. august 2010

Alle gode ting er to

Far min kjem med ei ny IKEA-hylle seinare i dag, så eg sit og funderer på korleis eg skal organisere bøkene mine. No står dei alfabetisk etter forfattarnamn, men med to bokhyller kan eg gjere ei todeling. Spørsmålet er berre kva for todeling som vil høve best for bokheimen min. Burde det bli A-K/L-Å, nynorsk/bokmål eller sakprosa/skjønnlitteratur? Ikkje godt å seie.

Eg funderer òg på kva eg skal fylle den nye korktavla mi med. Etter å ha fått eit triveleg postkort frå Lærdal og etter å ha funne att ein ubrukt matbillett frå Posten, var det ikkje meir plass på den gamle. Då måtte eg opp med ei ny, og spørsmålet er kva ho vil bli dekka med. Ikkje godt å seie, men om du sender meg eit postkort, skal det få heidersplass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar