mandag 9. august 2010

Tinga som ting

Nokon har rydda utanfor biblioteket, utanfor vindauget der eg sit, ved hekken som eg kan sjå ut på. Før helga, på fredag, stod det ein pall med plankar der, og ei gravemaskinskuffe med vatn i, og ein tom kasse, og to pallar utan noko på, og på den andre sida av hekken var det nokre brustein stabla oppå kvarandre og ein grøn presenning, men alle desse tinga er borte no. No står det berre att ei blå tønne med rust på toppen og ein pittepitteliten gravemaskin. Og eg håper berre at dei ikkje ryddar meir, for eg tenkjer på diktet av William C. Williams, det som stadig dukka opp i lyrikkteoriboka eg las førre semester, dette om den raude trillebåra, og at min ( versjon - pastisj - særs frie omsetjing ) måtte bli:

så mykje avheng
av ei

blå tønne
som er

rusten oppå
og ein

pittepitteliten
gravemaskin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar