mandag 9. februar 2009

Den kalde, fine tida

T-banen kjem ikkje, så du må leike damptog i staden. Heldigvis har du ein god hybelnabo som kan køyre deg, men det er rim på innsida av ruta, rim som blir liggjande som snø på dæsjbordet. Og når du kjem deg ned til Blindern, finn du ut at læraren sit fast på den t-banen som aldri kom.

Du sit litt på lesesalen, men ei jente i nærleiken snufsar og har teke på alt for mykje parfyme. Du les at bever er bjor, du får vite at ordet ekko kjem frå gresk mytologi, så no har du lært noko i dag òg. Men når du kjem heim, tek du på deg tre lag med ullundertøy, raggsokkar og tøflar og du lagar kyllingsuppe i ein kopp. Du treng litt å bli varm på.

2 kommentarer:

  1. Et fint øyeblikksbilde. Jeg har reklamert for deg på bloggen min i dag. Håper du ikke har noe i mot det.

    SvarSlett
  2. Nei, ikkje i det heile. Det varmar godt. Tusen takk.

    SvarSlett