torsdag 5. november 2009

Pause

Dei seier at opp og ned er like langt.

Eg har svingt litt i det siste, men slik er det. Mykje å gjere, men slik er det. Hausten er tung, men slik er det. Eg skjuler det som best eg kan, slik snøteppet no skjuler hausten for ei lita stund. Slik er eg. Eg har planar om å lande på begge beina til slutt. Det går fint.

No gler eg meg til å setje meg på eit tog til Trondheim på fredag. Eg treng ei pause før eksamenslesinga tek til. Eg skal leggje over dei fire siste programma av Språkteigen på mp3-spelaren min, som eg ikkje har hatt tid til å høyre på, og velje ut to bøker frå bunken med bøker som har vokst seg kjempehøg. Det blir bra. Eg satsar på å skrive noko godt til bloggen i notisboka mi på turen òg, men det blir ei veke pause til neste gong det kjem noko her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar