onsdag 18. november 2009

Rapport frå SB

(17.11.09)

Då var det ikkje meir olbogerom på lesesalen. Tett i tett med hovud i arbeid. Ikkje forstyrr. No må du leite lenge berre for å få deg ein plass. Litt som å finne ein parkeringsplass på Grünerløkka. Og sjølve lyden er ein kontrapunktisk dur av notering, understreking, kviskring og folk som klør seg i hovudet. Eg har ikkje markørtusjar med fire ulike farger og heller ikkje oppslagsverk med hundrevis av merkelappar. Ikkje Kleenex & klementinar heller. Men eg har kontroll, og det veit eg ikkje om alle dei andre har.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar