lørdag 30. januar 2010

Skiturar


Medan Noreg sette straumrekord på 23958 MWh, gjekk vi på ski til Ullevålseter. Vi drog frå alt, lot dei ha det så godt. Så kunne resten av Noreg watte opp panelomnane sine, få rekorden utan oss. Og på fjernsynet kom dei med kuldetips: Korleis halde bikkja di varm, ungen din varm, jernet ditt varmt. Og det var visst ikkje att meir ved hos dei som selde ved. Heilt tomt. No selde dei berre sagmugg til dei mest desperate. Det var visst ei kuldekrise. Men kva gjer vel det når du har ullundertøy og balaklava frå militæret. Då gir - 20 berre litt knitring i snøen og klår himmel.


Etter kuldekrisa kjem togkrisa. Men du kan gå på ski utan tog. Det er ikkje tog i marka. I marka er det ikkje krise. Berre litt kuldekrise. Og frå Frognerseteren er det berre 13 kilometer til Kikut. Der kan du kjøpe vaflar og bli varm. Det er meir enn NSB kan tilby.


Nokre dagar seinare er vi på hyttetur. Vi er på veg heim på ski frå Sjusjøen. Eg er sliten, vi har gått i Birkebeinerløypa, fått kjeft fordi vi ikkje kjøpte noko på kafeen, berre sat der og åt krokanrull og såg på skiskytarane som skaut seg vekk i tåka. Men snart er vi ved hytta, og snart kan vi ta ein dusj, og bak oss har vi ein eventyrhimmel.


Og på ein søndag er det stappfullt på bussen opp til Frognerseteren. Heile Oslo og nokon til skal ut på søndagstur. Men eg går dit gjennom skogen, og vi susar av garde, eigentleg for fort for meg, men det er greitt å kjenne at eg er i live. Dei andre dreg til Kikut, medan eg tek vegen over Kobberhaugen. Og på ein søndag er det kø i marka. Då er det kø i løypa, kø inn på Kobberhaugshytta, fiskebeinkø opp dei brattaste bakkane.


Av og til, nokre gonger, lurer eg på om eg er redd for å gi slepp på einsemda mi. Eg veit ikkje om eg burde seie det, men einsemd kan vere fint. Det er noko trygt med å vere åleine. Kanskje det er difor eg liker det så godt når eg kan gå til Ullevålseter på ein fredag morgon, setje meg med ein kaffikopp og lese eventyra frå NOR1300-kompendiet, som den einaste i rommet. Kanskje er det difor eg dreg når det plutseleg kjem inn masse folk. Kanskje treng ein berre eit skispor, god gli og litt nysnø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar