onsdag 28. april 2010

Kvardag

Livet er ikkje noko jolekort, ikkje nokon idyll. Det er kvardag, synd og sjukdom, hat og ovund, slit og armod.
- O.H.H. (02.12.46)

Det er onsdag, og det er kvardag. Det er oppgåver ein må gjere, ein roman ein må lese, ein jobb ein må gjere, ei timeliste ein må skrive, ein lang dag på Blindern.

Men det gjeng an å leva
i kvardagen òg,
den grå stille dagen
(frå «Kvardag»)

For kvardagen kan vere noko meir. Det er varmen på t-banen, ei lyspære som slår seg på, eit riktig svar, ein god ven, ein paprika på salamien, ein halvtime med dagboka til Olav H. Hauge, ein svensk-lektor som seier noko morosamt, ein elev som skjøner det eg legg fram, ein krone-is i regnet, ein telefon heim til mor & far, ein omelett som ser ut som ein omelett, ei stille stund, ei plate med Iron & Wine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar