onsdag 21. april 2010

Metode

I går las eg i Norsk Litteraturhistorie, og bortsett frå at ho er særs velskrive, og bortsett frå at det er stas med kommentarar som «PTA i toppform» frå ho eg har lånt boka av, så var det ei setning som fekk meg til å tenkje på meg sjølv i går. Eg hadde hamna litt utanfor pensum, så eg sat og las om Øystein Lønn, som eg skreiv om på særemnet mitt, og der stod det: «I Lønns forfatterskap møter vi kraftløse, nølende og berøringsredde menn som ikke lenger har «metoder» eller strategier som virker.» Og eg kan vere ein slik ein. Det er det berre å be om orsaking for, både på etterskot og førehand. Men eg ville berre seie at sjølv om eg kan vere kraftlaus, så prøver eg å samle krefter for å gjere noko stort. Sjølv om eg kan vere nølande, så prøver eg å finne roen, og sjølv om eg kan vere berøringsredd, så har eg ei von om at dei små kjærteikna kan virke mest. Og eg er alltid på leiting etter ein metode, ein strategi, eller ein måte å takle alt på. Eg er nok tafatt, men sjølv tafatte menn gjer så godt dei kan. Så de får bere over med meg. Det er ikkje anna råd. Ikkje anna å gjere. Eg gjer så godt eg kan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar