lørdag 28. november 2009

Avsluttande merknader

No er eg ferdig med den første eksamenen dette semesteret, i Sosiolingvistikk, talemålsvariasjon og språkkontakt i Noreg, altså eit emne om dialektar. Eigentleg er det litt skummelt å fordjupe seg i fagfelt ein har stor interesse for. Det er fort gjort å bli mett og lei av alle omgrepa, pugginga og lesinga i eksamenstida. Men eg har framleis interessa, berre litt overspist nett no, og eg har blitt nokså stø på heimfesting.


 Dialektoversikten.

Som opplading til eksamen såg eg blant anna på fjernsyns- programmet Har det på tunga frå 1988. Her konkurrerer lærarstudentar om å vere best på heimfesting, eit programkonsept som må vere unikt for Noreg, og vi er i den drøyaste delen av 80-talet, med pastellfarger, store briller og heilt fantastiske frisyrar. Mykje bra, altså. Programma ligg ute på dialektxperten.no, i talemålsarkivet, for dei som vil sjå.

Det er òg fint med dei som syng på dialekt. Kva med litt hallingmål frå kjøkenet?



Til slutt ville eg hente fram noko frå læreboka, nemleg at «språkfilosofen Saussure har samanlikna eit språk med ei elv, som renn snart stilt gjennom hølar og snart snøgt i fossar og stryk, men som aldri står still», og det er ein god metafor, talespråket som ei elv, og eg fekk lyst til å spele litt vidare på det:
  • Kvar går elva vidare?
  • Er det mogleg å demme opp elva, få ho til å stoppe opp? 
  • Bør ikkje elva få leve, følgje sitt eige løp? 
  • Er mange små bekker på veg til å bli ei stor å? 
  • Har elva nådd eit fossefall no?

4 kommentarer:

  1. Takk for lenke til "Har det på tunga". Kjempefint program! Fikk lørdagskvelden til å fordufte.

    Jeg klarte en gang å heimfeste en kar fra Hønefoss, men uten at jeg kan begrunne akkurat hvorfor. Det går på noe annet enn grammatiske avvik fra "østlandsnormalen", det er noe med flyten, aksentuering av enkelte ord, vanskelig å beskrive. Har du noen innspill?

    SvarSlett
  2. Ikkje sant. Det slår det meste av kva som går på fjernsynet no for tida.

    Mogleg at det var trykk på første staving i framandord, altså stassjon, tellefon osv. Det er eit målmerke som har vore sams for heile det østnorske området, men som har blitt eit nokså stigmatisert trekk, så ein må stadig lenger ut på landet for å finne det. På Hønefoss burde dei framleis ha det. Eg trur det kan vere det.

    SvarSlett
  3. Jeg jakta ned en episode Walkabout med Hønefoss' store sønner Nils og Ronny, og det verserer, som du sier, mange framtunge stavelser der. (I tillegg har Nils ganske dynamisk setningsmelodi, så trekket blir ekstra tydelig.) Godt tenkt.

    SvarSlett
  4. Ja, dei skulle vere framifrå representantar for hønefossmålet. Og morosame er dei òg, så godt val av kjeldemateriale.

    SvarSlett