fredag 26. mars 2010

Eg seier det ikkje

Eg sit og pratar med ei eg ikkje har sett på ei stund. Vi pratar om livet, slik ein ofte gjer, men etter kvart hamnar samtalen i ei blindgate. Det blir heilt stille. Som i ein heis. Hm, seier ho. Det blir heilt stille att, men så kjem ho på noko.

Det var eit fint hm, ramma inn av to mellomrom. Eit einsamt hm, men eit sterkt hm, eit med luft rundt. Og eg tenkjer på det. Eg tenkjer at det er mellomromma som gjer det til noko ekstra.

Men det er lett å gløyme mellomrommet. Det er lett å gløyme kor viktig det er. Mellomrommet er berre kvitt på papiret, stilla mellom orda, eit ingenting, og vi tenkjer ikkje at det er der, det er heilt anonymt. Mellomrommet blir borte i mylderet, borte mellom frikativar og dentalar, borte mellom bokstavane, borte mellom hendingane.

Likevel treng vi det. Pausane kan vere like viktige som orda. Det usagte like viktig som det vi seier. Tomrommet er òg eit rom. Det er eit rom som opnar opp for noko meir, eit rom som kan framheve, men det er òg eit rom for det vi ikkje treng å vite.

Og vi treng ikkje å vite alt. Av og til er det best å ikkje vite sanninga, korleis det eigentleg er, men i staden fylle tomrommet med fiksjonen, det vi helst vil høyre, det vi helst vil tru på.

Eg vil tru, men eg får det ikkje til.

Vi sit litt til, men så må eg gå. Eg får ikkje opp døra, og eg snur meg to gonger på vegen vekk. Det er att to våte fotspor på golvet og eit stort mellomrom til neste gong vi ser kvarandre.

- K.

Kva er eit essai? Det er lettare å svare på kva eit essai ikkje er. Dette er kanskje eit essai. Eg skreiv det med tanke på eit tidsskrift, men eg kom for seint i gang. Det blei berre eit forsøk, ei skisse, men det har mellomromma i seg.

4 kommentarer:

  1. Denne teksten likte jeg, essai eller ikke.

    SvarSlett
  2. Oi, så fint.

    ---

    Ja, kva er vel Beethovens femte utan ei lita pause etter ta-da-da-daaa? (Det var ikkje mine ord, men eg hugsar ikkje kor eg tok dei; eg var jo ikkje klar over at eg skulle komme til å få bruk for dei.)

    Var det rett bruk av semikolon i parantesen der?

    Eg tenker òg på kunst. Dei negative formene er viktige. Og eg las nett ein artikkel om talet 0. Sjå her: http://www.forskning.no/artikler/2010/mars/246018

    SvarSlett
  3. Takk.

    Ja, Beethoven hadde skjønt det.

    Sjølv unngår eg å bruke semikolon, for eg har eigentleg nok med komma og punktum, men eg trur du brukte det rett.

    Historia til 0 er spanande. Det er rart å tenkje på at det tok så lang tid å få eit godt grep om kva 0 er, og at ingenting er så viktig for alt.

    SvarSlett