torsdag 4. mars 2010

Det er fint ute no om dagen. Fint, men kaldt. Kaldare enn det ser ut til. Men våren vil fram, og eg hadde ein god dag på lesesalen. Eg avslutta med å lese litt i dagboka til Olav H. Hauge, frå åra mellom galskapen og krigen, det vil seie 1937 – 1939, og eg tenkte på at Hauge kunne ha vore ein god bloggar. Mest liker eg det daglege og dei små tinga, men det handlar mykje om litteratur, og eg har lyst til å lese alt, men då treng eg meir tid. Det får bli ein annan gong. Men eg fekk lyst til å sitere frå 23. februar 1939:

«So gjeng det ein dag um senn. Gjev vinteren var yverstriden. Med våren kjem nye krefter, nye voner.»

Der er vi no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar