tirsdag 6. januar 2009

Ferielei

Dei siste dagane har eg byrja bli litt lei ferie. Kanskje ikkje noko ein burde prate høgt om, men dette er den lengste ferien eg har hatt på eit og eit halvt år, så då må det vere lov å bli litt rastlaus etter kvart.

MEN. Det var på tide med nokre grep, måtte få maskineriet til å virke att, kome meg opp tidleg, gjere noko. Så no limer eg bilete inn i albumet mitt, og det blir fint. Eg er på 17. mai no, og eg tenkjer at eg saknar litt av militæret og livet som signalgardist: kjensla av å ha gitt alt, få trent, vere med på artige oppdrag, treffe Frank Beck og vere tøff. Men eg saknar ikkje å ha vondt i bein og armar, pussgrupper og troppens time. Det er jo eit slit.

Men det blei mange fine bilete.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar