søndag 11. januar 2009

Think Too Much

Då er eg attende på hybelen min. Eg har fått liv i radiatoren, hengt opp ein Edward Hopper-kalender for 2009, putta nye bøker inn i bokhylla, fått den nye skjermen på plass og skrive inn ny timeplan i notisboka mi. Så no er eg klar for å byrje med studia att.

Og eg høyrer på My Little Pony, for eg kjøpte plata «Think Too Much» på fredag, og det er fin musikk, sånn som får deg til å tru at alt kjem til å gå bra til slutt, sjølv om tekstane kan vere litt triste & såre. Det er ein fin kontrast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar