fredag 23. januar 2009

Mitt favorittmålmerke

Eg er glad i å prate med mormora mi. Hovudsakleg fordi ho er eit flott menneske og ein fin samtalepartnar, men òg fordi ho har halde så godt på dialekta si. Ho kjem frå ein gard i Gausdal, og trass i at ho har budd på Hamar mesteparten av det vaksne livet, og no i Oslo, så kan ho seie slikt som: «om tysdan va’re kæillvole og stære glatt», som vil seie at det var nokså kaldt og særs glatt på tysdag.

Ho har mange andre artige ord og vendingar, men noko anna som eg synest er fasinerande med dialekta hennar, er at dativen har halde seg så godt, og då stort sett etter preposisjonar, slik at ho seier: «byne med middaga mine» / «vore på hytten» / «mye snog på takjé» / «kæill på føtom». For å ta det heilt kort så blir –en til -a (m.), -a til -en (f.), -e til –é (n.) og alle fleirtalsendingane blir til –om. Dette har eg tenkt litt på.

Men dativ er tøft. Det seier eg sikkert litt fordi eg har hatt tysk, men og fordi det syner litt av dei store talemålsvariasjonane i landet vi bur i. I tillegg blir det mogleg å leike språkdetektiv, og det er like artig kvar gong.

Det er framleis nokre dativrestar att i bokmålet, slik som «i live» / «på fote», men det er berre blåbær samanlikna med kva mormora mi kan finne på å seie. Ho har til dømes uttrykket «eit tå hurru slajé» (ein av kvar type), der hurru er ein gammal dativform av det bokmålske hvert. No pratar vi dialekt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar