fredag 20. februar 2009

Meir nynorsk

Eg bryr meg om nynorsken. Det har de sikkert skjønt allereie, men eg har lyst til å dvele litt ved nynorskopplæringa. Eg går nemleg med store nynorskambisjonar for mine framtidige elevar, så då er det naudsynt å tenkje litt konkret. Eg har iallfall grubla litt på det i det siste, og skriv det ned no, slik at eg hugsar det til seinare. Her er nokre av dei tinga eg har lyst til å gjere/teste ut.

(1) Presentere ei god og alternativ legetimering. Sjå innlegget «Her kjem nynorsken» for eit forslag.
(2) Undervise minst 20 % av timane med nynorsk tekstmateriale.
(3) Framstille nynorsk grammatikk som enkel. Den er tidvis greiare enn bokmålet.
(4) Kommentere nynorske elevtekstar på nynorsk. Det er viktig å syne at ein skriv god nynorsk sjølv.
(5) Kombinere generell skrivetrening med nynorskjobbing. Eg har til dømes tenkt på eit opplegg rundt boka Stiløvingar av Queaneu, omsett av Hovland.
(6) La elevane gjere omsetjingar av engelske popsongar til nynorsk. Her er det mogleg å spele av det Trio Søt og Rammsund har dreve med.
(7) Lage ei liste til elevane med gode nynorske bokforslag med informasjon om kva for nynorskline forfattarane legg seg på.
(8) Sørgje for at alle lastar ned Kragerø-programmet. Nynorsk verbbøying er alltid kos.
(9) Skrive opp eit nytt nynorskord kvar veke. Det er greitt med små drypp.

For øvrig er det hyggeleg at stadig fleire norsklærarar vil følgje med på bloggen min. Takk for det. Om de har kommentarar, så er det berre å køyre på.

2 kommentarer:

  1. Jeg hadde også mange nynorskambisjoner for elevene mine da jeg gikk på PPU. "Dessverre" gjorde jeg det fatale å være sensor i nynorsk det første året jeg var lærer, og da fikk jeg meg en slags nynorsk-knekk. Med et snitt på 2,9 etter 200 besvarelser mistet jeg litt motet... Men - uansett mange fine tips, jeg har tagget det og skal la meg inspirere neste gang jeg skal i gang med nynorsk. Kragerøprogrammet kjente jeg ikke, og det er viktig å ha ambisjoner. Uten dem kommer man ikke særlig langt.

    SvarSlett
  2. Eg veit at det er mykje dårleg ute og går, men eg har no trua. Ein får sjå på det som potensiale for forbetring.

    Eg har brukt Kragerø-programmet ein del sjølv, før heildagsprøver og liknande, og det er framifrå for å drille substantiv og verb. I tillegg er oppgåve 1-7 på «ord og uttrykk» fine for å få inn dei særeigne nynorskorda. Men det er ikkje alle oppgåvene som er like gode, spesielt når det gjeld kva som skal til for å få rett svar. Det er nok lurt å teste ut litt sjølv først.

    SvarSlett