søndag 12. april 2009

Bøker ein burde ha lese

Påskeferien er fin å lese i, anten om det er ute i sola (i ein raud fluktstol), eller inne i hytta (når skodda ligg tett rundt trea). Men det har ikkje vore krimbøker. Eg har i staden jobba meg nedover i bunken min med «bøker ein burde ha lese». Denne ferien blei det Ut og stjæle hester, Mor Godhjertas glade versjon. Ja, De beste blant oss og Mannen som elsket Yngve. Bra, det.

Til dagleg blir det for det meste fag og noveller. Eg har sansen for novella, blant anna fordi ho passar så godt med rytmen i kvardagen. Det er mogleg å lese novella i eitt, ta ein pause, tenkje litt, lese neste.

Eller som Frode Grytten seier det: «Eg veit ikkje anna om novella enn at ho er for dei av oss med kort pust. Vi som liker den kjappe takta. Tempoet. Farten. Suget. Det avgjørande oppløpet.» (Frå innleiinga til Heim att til 1990-åra)

Samstundes kan det vere eit slit med alle desse romanane, alle «bøker ein burde ha lese». Det er jo ikkje mogleg å få med seg alt, men folk trur og ventar at ein har lese det meste når ein skal bli norsklærar.

Men det er alltid ein utveg om det er eit hol eller to. Nokre gonger kjem eg meg unna ved å seie at boka er for populistisk, andre gonger reddar eg meg med vage detaljar frå ei bokmelding (eller ved å hevde at ei anna bok er betre), men som oftast seier eg at eg skal plukke opp boka, lese ho ein ferie eg har tid.

Og snart er det loppemarkedsesong, så då blir det leiting gjennom støvete pappasker for å finne nye titlar til bunken min, nye romanar som skal liggje på vent til sommarferien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar