lørdag 18. april 2009

To ord til om nynorskundervisning

Eg gløymde noko sist gong: Kvar skal ein starte?

Start med opplevinga. Vis dei kva for poetisk kraft som ligg i nynorsken. Start med å høyre på dette diktet av Janne Nygård, lese ei novelle av Frode Grytten i, le av eit kåseri av Are Kalvø, sjå Olav H. Hauge lese dikt på YouTube, høyre på «2007» av Undertakers Cirkus, gå på eit skodespel av Jon Fosse, resitere Tor Jonsson slik ein kjernekar frå Vågå ville gjort det. Eller finn noko anna, kva som helst, som rappen frå slutten av denne undervisningsvideoen, eller ein god sakprosatekst. Men gi dei opplevinga først, og la det vere noko dei kan like. Det trur eg er viktig. Då er det mogleg å skape meir positive haldningar og motivasjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar