søndag 26. april 2009

Kløing & exphil

Eg klør i nasen, og det er berre å halde seg inne. Det finst betre ting enn å vakne med attklistra augelokk om morgonen. Eigentleg burde pollen ha vore eit vinterfenomen, for det er jo då det er greitt å sitje inne og sjå ut. Ikkje no. Men eg har heldigvis ei exphil-oppgåve å skrive på, så då er alt i orden. Skikkeleg kosestund medan det klør i nasen.

Men litt regn hadde vore framifrå. Då kan eg sleppe å nyse når eg sit på lesesalen. Eg kan stadfeste at det ljomar godt, samt at eg blir særs populær. Nesten like populær som exphil-undervisninga.

Så eg gler meg litt til det ikkje klør meir i nasen, oppgåva er inne og eg er ferdig med exphil. Då skal eg ta meg ein pust i bakken og sløse bort ein dag på ingenting og ting eg vil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar