mandag 28. september 2009

Mormor

Nokon har opplevd ei heilt anna tid.

Mormor og familien hennar kom att fra Amerika då ho var seks, ho gjekk på skolen annankvar dag og ho måtte springe og gøyme seg då tyskarane kom. I hennar ungdom gjekk dei i treskor til dans, og dei måtte banke inn att spikrane som datt ut. Jentene gjekk arm i arm på vegen heim, fleire i bredden, og gutane prøvde å kile seg innimellom. Dei fekk det som regel til.

Ho blei forsøkt kobla med ein skogteknikar, eit godt parti, men fann seg i staden ein skikkeleg «brainne» frå Nordfjord. Ein som var tynn på toppen, men god på botnen. Og heile det vaksne livet har ho laga mat, vaska, strikka, sydd, måla, rydda i hagen, ommøblert og vore husmor, og ho ordnar alltid mat som smakar mykje betre enn ho sjølv vil innrømme.

Ho er åtti år, i full sving, og alt i alt ei grepa dame.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar