mandag 7. september 2009

Snart

Hausten har byrja snike seg innpå. Vêret «lovar stort, men håller tunt», som kjærleiken til Lars Winnerbäck, og vinden ristar i trea utanfor vindauget mitt. Eg fann fram skjerfet frå skapet og knepte att jakka før eg gjekk ut i stad. Det måtte til, tenkte eg. Men framleis er det litt varme i lufta, og det går rykte om at nokon «freista lukka» med kortbukse i dag, så sommaren har ikkje heilt takka for seg enno. Men snart.

(Flamme Forlag kan melde om det same.)

Eg synest du skal sløkkje lysa og danse litt seint om kvelden. Vi må halde på kjensla så lenge vi har ho. Snart er ho borte.

Song til dansen (frå Spotify):
Teitur - Catherine The Waitress

Tjohei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar