fredag 11. desember 2009

Småting

Eg går berrføtt ut på kjøkenet, set på vasskokaren. Morgenbladet ligg utanfor døra, og eg er ferdig med semesteret. Eg trur det har gått bra, så det blir presskannekaffi i dag. Og eplesyltetøy under brunosten.

Det står ein notis om statusen til ulike yrke i avisa, og eg finn fram tala frå undersøkinga på verdsveven. Der meiner 16 % at det å vere lærar har høg status, medan 18 % meiner at handverkaryrke har høg status. Jaja.

No er det tomrom framover, mykje å fylle, men eg har ingen masterplan. Det blir mest småting, å kjøpe dress i dag, starte å skrive julekort. Etter kvart blir det julebord, julekonsert & julegåvehandling. Neste helg skal Erik og eg spele inn litt meir musikk.

Og så gjeld det berre å hugse: 

All we got to do is
Be brave
And be kind

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar