fredag 12. juni 2009

Bestefar

Eg hadde ein bestefar som bygde landet. Han var ein av dei som sette opp kraftliner i fjellheimen, ein av dei som spente eit nett av ledningar på kryss og tvers, over heile landet, høge master som knitrar i regnet, gir straum til kvar avkrok. Og vi pratar om Noreg, landet der ein måtte sprengje seg veg, og bestefar var sprengbas, der fjella stod på sitt, der det var dei mot naturen, i Noreg, der det var så kaldt at mutterane fraus fast i fingrane om vinteren. Men bestefar brydde seg ikkje, fint å ikkje miste dei på bakken, og det var rå kraft og handemakt som reiste høgspentliner i tom natur, som lagde veg for framskrittet.

Og eg hadde ein bestefar som tålte alt, som kolliderte med ein militærlastebil, ein som kom ut frå skogen utan å halde vikeplikta, på ei rett strekning i full fart, og det lød eit smell djupt inne i Hedemarken. Det var ein totalvraka Mercedes, men ein levande bestefar. På sjukehuset var han blå og gul i andletet, med attsydd munn, færre tenner, nokre brudd, men framleis i live. Bestefar tålte det. Og han kunne falle ned trapper og treffe ein spiker, gå gjennom isen på Mjøsa og ramle ned frå leikestuetaket. Men framleis var han nesten to meter høg og hadde grove hender, framleis med eit godt sovehjarte, og framleis åt han fleire potetar enn eg kunne rekne.

Eg vil utbringe ein skål for dei som bygde landet, dei som nesten tålte alt.

Skål.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar