søndag 28. juni 2009

Edru & nynorsk

Eg drikk ikkje alkohol, og eg nyttar nynorsk når det passar seg. Det er to standpunkt eg stundom må argumentere for, ikkje alltid med like stor velvilje frå mi side. Er det to val som krev ein heilt spesiell grunn?

At eg ikkje drikk alkohol, er berre fordi eg ikkje har eit behov for det. Eg treng ikkje, greiar meg fint utan. Men korleis kan du vite det utan å ha prøvd? Vel, eg veit at eg ikkje vil røyke, snuse, danse naken på Karl Johan osb. Eg treng då vel ikkje teste ut alt eg ikkje vil gjere. Men eg liker ikkje å bli kalt avhaldsmann. Det er ikkje eit religiøst eller kristent standpunkt, og andre må sjølv få gjere seg opp si eiga meining om dei vil drikke eller ikkje. Heilt greitt for meg. Det er deira val, og på same måte har eg teke mitt. Det held i massevis med to flasker eplemost. Eg er fin form dagen etterpå, kan fortelje det andre ikkje hugsar, og ein god dansar blir eg nok ikkje uansett.

Nynorskbruken min kjem av at eg liker språket, orda, klangen. Nynorsken kan gi noko ekstra til det eg skriv. Han gjer nytta si, er kjekk å ha, læt fint. Det er det personlege argumentet. Eg hatar når det å velje nynorsk blir det same som eit politisk standpunkt. Det skal ikkje vere slik at ein automatisk deler synspunkta til SU og NU om ein blir med i Norsk målungdom. Å velje mellom nynorsk og bokmål burde vere like enkelt som å velje mellom gulost og brunost på brødskiva, sykle eller gå, rutete skjorte eller ei med striper. Det er det målungdomen burde jobbe mot, ikkje lage ei smørje av språkpolitikk, tenestedirektiv og globaliseringsproblem. Men dei skal få styre med sitt. Eg er trass alt ikkje medlem, eg berre liker nynorsken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar