lørdag 29. august 2009

Topp ti nyare, norske noveller

Eg har, som nevnt før, sansen før novella. No har eg lett litt i bokylla, og der har eg funne fram til nokre av dei novellene som har fått eit kryss i margen eller ein bit av ein Post It-lapp. Det er personlege favorittar som kan bli aktuelle i undervisninga eller som berre er fine å lese fleire gonger.

Eg har kanskje ikkje plukka ut dei teknisk beste, og eg har unngått nokre av dei mest kjente, men eg har lett fram noveller som på ulike måtar spenner ut noko meir enn det som står skrive. Det kan liggje mykje i det som ikkje blir sagt, og Bjarte Breiteig seier det slik: «Novellen er så ren, så konsentrert». & «Det tiltaler meg å lage en snøball så hardpakket som mulig, kutte vekk alt det overflødige».

Det er ei novelle frå kvar forfattar, sjølv om nokon gjerne kunne blitt representert med fleire. Dei fleste novellene kjem frå veldig gode novellesamlingar, og det har ikkje vore like lett å velje, så det er berre å lese heile boka, særleg Ambulanse, Surrogater og Popsongar. Det er fleire enn den eine novella som er bra. Men desse ti kan høve godt til både lystlesing og nærlesing.

«Togsong» - Frode Grytten
«I gresset» – Johan Borgen
«Til» – Johan Harstad
«Et deilig sted» – Kjell Askildsen
«Ingenting hendt» - Bjarte Breiteig
«Fødselsskriket» – Sigmund Jensen
«Vekk» – Ingvar Ambjørnsen
«Oscar Wildes heis» – Lars Saabye Christensen
«Den som ikkje et» – Tormod Haugland
«Hytta» – Torleif R. Hamre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar