mandag 19. oktober 2009

Røyndom / Fiksjon



Eg har skrudd på lampa mi no, sløkt alle dei andre lysa, og eg tenkte å skrive nokre setningar i kveld. På ein måte har eg nok ei vel romantisk tilnærming til sjølve skrivinga, og det er ikkje så rart at det går sakte, men det handlar om å kome i den rette stemninga, få ei god kjensle på det. Men eg burde kanskje leite meg fram til inspirasjonen oftare, i staden for å vente på Erato seint om kvelden. Det går likevel framover, og framover er ein fin veg.

Eg tenkte kanskje eg burde kommentere tilhøvet mellom sanning og løgn, for det er naudsynt å ta stilling til slikt. For novellene mine er det er eit krav frå meg sjølv at det ikkje skal ha hendt. Samstundes er det omtrent umogleg å skrive rein fiksjon, for røyndomen set sitt merkje på alt. Og sjølv om det skal vere fiksjon, må det likevel vere realistisk. Då er det ikkje til å unngå at små ting snik seg inn frå røyndomen. Men det må vere fiksjon, for eg treng å koble det vekk frå meg som person, eg vil ikkje skrive om meg sjølv då. Det er det som er fint med fiksjonen, å få den store fridomen, skrive om andre, la dei tenkje annleis, vere ein heilt annan plass, skrive om noko som kunne ha hendt med nokon eg eigentleg ikkje veit kven er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar