mandag 26. oktober 2009

Trappeglede

Om du treng å smile litt, kan du setje deg ved vindauget på kafeen på Universitetsbiblioteket og sjå på rare folk i trappa, dei som ikkje har skjønt at ein må ta trappa i tre og tre skritt. To skritt er for lite, då blir dei som ein passar over verdskartet. Fire skritt er for mykje, då blir dei som ein trippande ballerina før kvart trinn. Inntil dei skjøner dette, er dei god underhaldning. Då er det mykje glede i ei uproporsjonal trapp.

I tillegg er det par som går i takt, hipstere klare for skitur, og gjetteleik på kven som skal bli kriminolog, sosiolog, filolog, sinolog eller berre ein monolog. Det er den gamle mannen med den bøygde nakken, det er han som sit fast i 90-talet, ho som kunne vore Trinity i Matrix, alle dei som ventar på nokon som snart kjem over haugen, og dei som har så dårleg med tid at dei berre kan måle seg med ein fysikar som skal rekke t-banen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar