mandag 5. oktober 2009

Språkleg mangfald på t-banen

Eg har stor dialektinteresse, samt meir enn nok vitehug, så heimfesting av medpassasjerane på t-banen blir ei naturleg tidtrøyte når eg kjøyrer mellom Kringsjå og Blindern. Bymåla er ofte grei skuring, og når eg får kjensla av å vere midt i ein norsk ungdomsfilm, veit eg at det er nokon frå Stavanger.

Men det er meir spanande med med dei som kjem frå mindre stader, og her om dagen var det to ungdomar med eit vent midlandsmål eg ikkje heilt fekk taket på. Slikt er sjølvsagt ikkje fullnøyande, men eg føler ikkje at eg kan snu meg og spørje kvar dei kjem ifrå. Det får heller vere.

Det er òg artig med dei som prøver å skjule dialekten med eit bokmålsnært, standardisert talemål, for då blir det endå meir detektivarbeid. Som oslogut er eg var for det som stikk seg ut, og det kjem alltid noko som er avslørande. Det gjeld berre å spisse øyra, så kjem det brått noko særmerkt.

Andre gonger har eg høyrt på tospråklege ungdomar, og det er morosamt, for når desse skal fortelje eitkvart som har skjedd, går handlingsreferata på norsk medan replikkvekslinga er på morsmålet. Eg får altså med meg kva som skjedde, men ikkje kva dei sa.

Og av og til er det tøffingar med multietnolekt på veg til fotballtrening. For desse er det viktig å heile tida gå god for sanninga, så då kan eg telje kor mange «wollah, sverger, serriøst og helt sant» det er mogleg å putte i ei setning. Det er mange.

Nei, språkleg mangfald er fine greier.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar