mandag 30. mars 2009

Kan ikkje lese, kan ikkje skrive

Eg har fulgt med på tv-serien Kan ikkje lese, kan ikkje skrive dei siste tre vekene. Det er ein dokumentar i tre delar om vaksne britar som ikkje har lært å lese og skrive i løpet av tida på skolen. Nokre av dei kan ikkje ein gong lese enkle ord som ham og bread. Men no skal læraren Phil Beadle gjere ein innsats, og han har seks månader på seg. Rett nok blir serien litt vel tabloid, men det er særs interessant.

I løpet av prosessen blir desse vaksne menneska som barn att. Når dei ikkje får til noko, tek dei til tårene. Når dei får det til, blir dei ivrige som berre det. Og dei har ulike måtar å lære på, ulike læringsstilar og ulike problem. Det er ganske utruleg korleis dei har blitt avskrivne som håplause, og at dei ikkje har fått nokon form for oppfølging. For mange er den (funksjonelle) analfabetismen ei tung bør å bere. Hindringane dei møter i eit så skriftleg samfunn som vårt, er store.

Men mest av alt er det rørande. Eg er nok litt mjuk inst inne, så eg gret litt i stad. Det er ein enorm framgang for einskilde.

Serien ligg ute på NRK nett-tv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar