søndag 1. mars 2009

Kirsebærhaven

På laurdag var eg attende på gamle tomter, nemleg på Katta (eller Oslo Katedralskole for dei uinnvigde) og såg på Kattateateret. Katta er jo ein så elitistisk og sær skole at dei må setje opp teater, og ikkje revy slik dei fleste andre Oslo-skolane gjer. Det er sånn det skal vere.

I år har dei sett opp Kirsebærhaven av Tsjekov, og som alltid er det imponerande å sjå kva dei får til. Det var mange gode prestasjonar. Og denne gongen måtte eg følgje ekstra med på kostymane, for systera mi har vore med og sydd på nokre av dei. Ho har informert meg om for stort sømmonn og dårleg stoff, men kjolane såg fine ut.

Og heilt til slutt må eg gi ei oppdatering om Sonans-reklamen, for no har dei laga nye plakatar med «lite og oversiktlig miljø» (mi utheving). Dei har tydlegvis teke tilbakemelding frå nokon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar