onsdag 18. mars 2009

Sju ting du kanskje ikkje visste om meg

Tidlegare i år gjekk dette som i eld i tørt gras gjennom nokre av bloggane eg las, men sidan min grasflekk ligg litt for seg sjølv, kom ikkje elden hit før no.

1) Eg har førarkort på nynorsk.
2) Eg var oppe til eksamen i matte skriftleg alle tre åra på vidaregåande, og eg har matematikk som mitt andre undervisningsfag.
3) Eg dreiv med legoanimasjon då eg var mindre. Eit døme. Den vann eg ein pris for, men musikkvalet er litt utdatert.
4) Eg opnar alltid bananen i motsett ende av alle andre.
5) Eg har lese The Art of Looking Sideways frå perm til perm.
6) Eg kan ikkje knyte ordentlig sløyfe, berre juksesløyfe.
7) Eg har vore på trykk i Vinduet. Då var eg langhåra.

Sånn. Då veit de litt meir, både nyttig og unyttig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar