søndag 10. mai 2009

Mordarane - Hr. Lystig

Eg kjem ut av mitt bur
Og eg har det heilt fint
Men er berre litt lei
Vil så gjerne ha alt

Starta kun som ein kyss
Korleis endte vi slik?
Det var berre ein kyss
Det var berre ein kyss

Og eg sovnar for fort
Og ho ringer ein bil
Medan han tek ein røyk
Og ho tek seg eit drag

Ja, no går dei til sengs
Og eg kjenner meg kvalm
Og det er kun fantasi

Ho tek på bringa hans no
Han riv kjolen av no
La meg gå

Eg kan ikkje sjå, du myrdar meg
Og tek kontroll

Sjalusi, kastar meg i sjøen sin
Sym så gjennom sjuke svar
Spyr opp dine alibi

Men det her det taklar eg
Lagnaden, han ringer meg
Seier: «Du må skjerpe deg»
Eg er Hr. Lystig

Nei, dei burde ha satsa på nynorsk, spør du meg.

Eg kan elles tilråde «Fru Johnsen», den norske varianten av «Harper Valley P.T.A». Det er Inger Lise Rypdal som syng, og her har Terje Mosnes, visstnok for eit honorar på 150 kronar (ifølgje Typisk Norsk-boka), verkeleg omsett låta til norske tilstandar. Artig korleis teksten har endra seg frå engelsk til norsk. Her i Noreg skjer det i ei lita bygd inst i ein fjord, det er møte på bedehuset og «Tilsynet for høg moral» uttalar seg på nynorsk. Godt å høyre. Og det er brodd i linja: «min skjørtekant er nærmere den himmel dere aldri kommer til». Ikkje rart låta førte med seg litt rabalder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar