mandag 4. mai 2009

Topp ti dialektord frå Gausdal

Det er ikkje mykje stas å prate standard austnorsk, slik eg gjer. Ein skulle hatt ein skikkeleg dialekt, må vite. Sognamaol eller vallemål hadde vore tingen, men ein gudbrandsdalsdialekt eller ein god vestlandsdialekt hadde gjort seg det òg. Men ein kan ikkje få alt her i verda, så eg får heller glede meg over alle dei menneska som har fine dialektar. Ein av dei er mormora mi, som har halde godt på både dialekten og dativen, så no har eg plukka ut ti av mine favorittord frå hennar gausdalsmål.

1. tullveidd = tøysekopp
2. sulk = viskelær
3. luggôm = grei
4. klåkk = skvatt
5. nåsåbjøynn = busemann
6. lealaus = uroleg
7. hælog = herda
8. trévalé = vanskeleg
9. ônåg = rastlaus
10. ørka = kvardagen

4 kommentarer:

  1. kæiltåkka artigt;)

    SvarSlett
  2. Gøss æ stære tøft da ma

    SvarSlett
  3. Je vart dænn om å læ, nå je les dæssi olom hær. Hælsing frå Torpen.

    SvarSlett
  4. Ole Hermod Henriksen15. januar 2015 kl. 12:15

    Her keinn du lesa meir gausdøl: https://www.facebook.com/groups/209672339352/10152699416299353/?notif_t=group_activity

    SvarSlett