torsdag 14. mai 2009

Sløsedag

Det var det som var planen.
¤
No som Descartes har havna på fylla, Kant har teke ferie og Platon har fått idétørke, var planen å nå eit lokalt minimumspunkt. Men eg er nok ikkje så god til å sløve & sløse. Dessverre. Eller heldigvis. Men eg har prøvd å sove lenge, testa ut radioen eg kjøpte av bror min på loppemarked i helga, og tenkt at eg hatar paraplyar av dårleg kvalitet, slike som berre vrengjer seg. Og eg har vore ein tur innom kyrkjelydfakultetet og sett korleis dei har det der. Dei har det fint.
¤
Men eg har ikkje lese fag. Eg las siste halvdel av Signaler 2008, og eg må seie at det Runo Isaksen hadde forfatta om å skrive, var veldig godt, det om skriving i Paris & Berlin. Så eg må lese meir av han. Og då eg gjekk derfrå, var det ikkje naudsynt å hate paraplyen meir, den som berre vrengjer seg og er av dårleg kvalitet. For det var frisk luft, pilotsolbrillevêr og lukta av vått gras heile vegen opp til Blindern. Så om det er slik det går når ein dristar seg innpå høgare makter, burde eg kanskje ta turen dit oftare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar