lørdag 11. desember 2010

Berre jord

I dag sat eg på litt på Matematisk bibliotek. Eg las i ei bok, og då eg skulle til å gå, så spurde han som sat ved sida av meg: «Trur du på Gud?» Heilt ut av inkje. Eg drog litt på det, men så sa eg som sant er (om det er mogleg at noko kan vere sant): «Nei, eg gjer ikkje det.» Men det var visst ikkje det rette svaret. Eg burde visst tru, og han hadde mykje på hjartet om kvifor. Han fortalde at nesten alt i Koranen var bevist, at Allah var ein stor matematiker, og etter kvart handla det om himmel og helvete. Eg var høfleg til det siste, men så måtte eg gå.

Då sa eg: «Eg vil helst berre bli til jord når eg døyr. Ikkje noko anna. Berre jord.» Men det var visst ikkje noko alternativ.

Så song eg på denne resten av dagen.

2 kommentarer:

  1. Det var svære greier. Men ikkje rart ein på matematiske trur big A er ein matematiker. Nett som eg, ein bloggar, trur han er ein stor bloggar.

    Den største bloggaren i verda.

    SvarSlett
  2. Nei, det er ikkje så rart. Dette med matematikken handla forresten om at ordet «dag» stod 365 gonger, ordet «dager» stod 30 gonger, og ordet «måne» stod 12 gonger i Koranen. Tilfeldig? Neppe. Det var jo slik han hadde delt opp året. Men det eg ikkje skjøner, sidan han var ein så stor matematiker, er kvifor tala ikkje er delelege på kvarandre. Men det er vi vel for små til å skjøne.

    SvarSlett